Gripla - 01.01.1998, Page 104
102
GRIPLA
blod, ei brennande pil viser seg pá himmelen osb.) (Duckworth 1933:18, med
merknad 52).
Framtidige hendingar kan og verta innvarsla ved at ein aktpr i eit epos
uttalar eit sterkt ynske eller ei forbanning (Duckworth 1933:23). I Æneiden
gjer Didos ulukkesynske for framtida til Æneas, trojanane og romarane i bok
IV 607-629 særskilt sterkt inntrykk. Dido ynsker og spár at hatet og fiend-
skapen mellom hennar folk og etterfylgjarane til Æneas skal vara i ei uende-
leg framtid. Diktaren tenkjer her ikkje minst pá punarkrigane og Hannibal.
I dei einskilde antikke epos finst og hendingar omtala som ligg utanfor
eposet si eiga handling. Iliaden sluttar med Hektors bálferd, men reknar med
at Akilles seinare kjem til á verta drepen og Troja pydelagd av hellenane, like
eins at den trojanske kongsætta ikkje skal forgá, og at Æneas kjem til á verta
konge over trojanane. Odysséen sluttar med at Odyssevs kjem heim og tek
hemn over friarane til Penelope, men inneheld ogsá ein spádom om at Odys-
sevs skal dpy som ein lukkeleg gammal mann. I Argonautica finst vink om at
Jason ein gong skal koma til á forlata Medea, og Æneiden inneheld profeti
om ei stor framtid for Æneas og Roma etter slutten pá hendingane i Æneiden.
Dette er alt noko som ikkje berre lesaren, men ogsá dei menneskelege
aktprane i desse eposa er medvitne om (Duckworth 1933:28-36). Men dei
framtidige hendingane innanfor eposet sjplv har dei menneskelege aktprane i
Iliaden og Odysséen ikkje kjennskap til. I Argonautica fár dei derimot opp-
lysning om kva som skal henda (Duckworth 1933:38-40), og menneska i
Æneiden fár særskilt mykje av vitringar om framtidige hendingar i eposet
(Duckworth 1933:89).
Draumar, spádomar og varsel om hendingar i framtida, som spelar ei sá
stor rolle i komposisjonen til antikkens epos, finst og att i norrpn litteratur, og
der sá utbreidd at vi ikkje treng nemna dpme (jfr. Boberg 1966:194-196).30
Lagnadstunge forbanningar (vábpner) er og velkjende. Jfr. t.d. Vísburr-spne-
nes forbanning av far sin i Ynglinga saga (kap. 14), Egill Skallagrímssons níð
mot kong Eiríkr blóðpx og dronning Gunnhildr i Egils saga (kap. 57) eller
den trollkunnige Katlas vábpn over Amkell goði i Eyrbyggja saga (kap. 20)
(jfr. Boberg 1966:196-198).
Desse komposisjonsmiddela har den norrpne litteraturen utan tvil overteki
30 Baetke (1973:343) hevdar at nár gudane openberrar sin vilje i draumar i sagalitteraturen, er
det „christliches Lehngut“, og at ogsá andre draumar i sogene tener „kiinstlerischen Zwecken"
(1973:345).