Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1991, Page 22
12
gåva tok ein god del av tida mi dei nærmaste åra, medan eg var lektor i
Reykjavik (inndl 1952), men var svært lærerikt. Eg sysla og med planar
om å laga ei spesialavhandling om soger som finst i fleire versjonar.
Men etter ei tid forstod eg at eg laut konsentrera granskinga sterkare.
Det enda med ei mindre avhandling om Ljosvetninga saga. Men ikkje
minst arbeidet med utgåva førte til at Bandamanna saga etter kvart tok
til å fanga hovudinteressa. Det vart no meir og meir klårt for meg at
Bandamanna saga ikkje berre spela ei viktig rolle i diskusjonen av over-
leveringsproblema, men at ho også var meir enn vanleg interessant frå
ein annan synsvinkel, den litterære. Og eg såg snart at mange av dei
avsnitta i denne soga som Finnur Jonsson hadde fordømt som tillegg
og interpolasjonar, i røynda representerte det mest verdfulle og moro-
same i heile soga. Under arbeidet med Bandamanna saga hadde eg ei
kjensle av at eg var i ferd med å pussa mange hundre års slagg og sand
av ein juvel.
Jon Helgason var politisk radikal i sin ungdom. Det heiter seg at folk
kalla han »Jon rau5i«. Han var også sterkt kritisk til sin store føregangar
i professoratet, Finnur Jonsson.
Under det fyrste opphaldet mitt i København var han hjelpsam mot
meg m.a. ved å lata meg kjøpa opp i hans namn ein god del vitskapleg
litteratur frå utgjevartiltak der han var medlem, slik at eg fekk bøkene til
redusert pris. Men då eg kom til han med det siste eksemplaret som var
å oppdriva av Finnur Jonssons mektige litteraturhistorie, var Jon hel-
ler treg til å hjelpa meg: »Den bog skulde aldrig have været skrevet!«
Trass i sin vidgjetne kritiske sans var likevel Jon Helgason, som
mange som beherskar faget sitt suverent, i botn og grunn ein konserva-
tiv natur. Alle nye idéar om sagalitteraturen som gjekk vidare enn
Sigurbur Nordal, såg han på med inngrodd skepsis. Og då han tok til å
forstå kva tankar eg hadde teki til å sysla med i samband med Banda-
manna saga, sa han rett ut at han ville ikkje vita noko av at eg gjorde den
lengre versjonen, Mobruvallabok-versjonen, til hovudtekst i ut-
gåva mi!
Eg svara ikkje stort, men tenkte mitt, og gjekk inn for å laga ei provfø-
ring i avhandlinga mi som skulle vera så grundig at jamvel Jon
Helgason måtte lata seg overtyda. Eg hadde den gongen ikkje den
rikelege røynsla som eg har fått seinare for kor langt ein kjem når ein vil
læra gamle menn noko nytt.
Etter ein del år fekkjon Helgason manuskriptet til mi avhandling om