Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1991, Page 23
13
Bandamanna saga til gjennomsyn. Han hadde mange gode og
verdfulle merknader, som eg med giede gjorde meg nytte av. Men over
ein god del af hans litt irriterte innvendingar i margen sette eg kort og
godt eit kraftig blyantstrek. Jon skulda meg for å driva »personforfyl-
ging« av den arme redaktøren av den stuttare versjonen, K-versjonen,
som i fylgje mitt syn hadde mishandia soga så vyrdlaust. Men for meg
kjendest mange av framlegga hans til tolkingar som om ein grovsmed
skulle vilja fiksa på eit fint armbandsur med smidjetonga si. Estetisk
nyanserte teksttolkingar var i det heile noko som låg etter måten fjernt
for Jon Helgasons håndfaste arbeidsform.
Trass i sin vidspurde kynisme (i ord) var likevel Jon Helgason ein
mann med sterk sans for ærlegdom. Han forsikra meg om at han i høg
grad vanvyrde folk som kom til han i skinnflat audmykt og saja og amen
til alt professoren stod for. Ikkje di mindre skulle det syna seg at også
han i høg grad hadde den svært menneskelege eigenskapen at han best
likte å høyra at folk meinte det same som han sjølv.
No vartjon Helgason i stor tvil om han skulle taka opp avhandlinga
mi i serien sin. Fyrst då professorane Anne Holtsmark og Ludvig
Holm-Olsen hadde sett på manuskriptet og sa seg viljuge til å lata meg
forsvara avhandlinga for doktorgraden i Oslo, tok Jon boka inn i Bi-
bliotheca Arnamagnæana - sikkert med meir eller mindre vondt sam-
vit. Då Det Arnamagnæanske Institut i København nokre år etter, i
1963, arrangerte ei stor utstilling av bøkene sine, ved 300-årsminnet for
Årni Magnussons fødsel, var heile den utkomne delen af Bibliotheca
Arnamagnæana utstilt, likevel slik at band XVIII, »Studiar i Banda-
manna saga«, låg godt gøymd under haugen av dei andre bøkene!
Like suverent hevja over all menneskeleg kritikk som professor
Sigurtiur Nordal var på Island, like ufeilbarleg og farleg tok Jon
Helgason seg ut for ei mengd beundrande filologar i Skandinavia. Det
måtte då vera inlysande for alle at ei avhandling som Jon Helgason i den
grad mislikte, ikkje kunne vera anna enn eit uhyre skrøpeleg produkt.
Og då boka kom ut, fekk ho straks den medfarten ein kunne venta. Som
på kommando vende heile den eldre generasjonen av norrønfilologar
tommelen ned (derimellom også einskilde som berre var eldre av ånd).
Den som tok på seg å gjeva avhandlinga nådestøyten (med full tilslut-
ning af Jon Helgason), var Jons gamle ven i Leipzig professor Walter
Baetke (i utgåva hans av Bandamanna saga 1960). Eit allment særmerke
ved denne negative kritikken var likevel at han bygde på meir eller