Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1991, Page 24
14
mindre antikverte metodiske synsmåtar, m.a. ei fullstendig naiv
oppfatning af omgrepet »realisme« i sagalitteraturen.
Men det varte ikkje lenge før det skjedde ting som vel dei færraste
hadde rekna med. Det synte seg at lesarar utanfor den skandinaviske
filolog-andedammen, granskarar i t.d. Italia og USA, reagerte heilt
annleis på boka mi enn den fyrste kritikken. Eg heldt og sjølv fast på
synet mitt og bygde det vidare ut i ei rad artiklar. Og etter kvart snudde
vinden. Så vidt eg har hatt høve til å sjå, byggjer alle utgåver og alle
omsetjingar av Bandamanna saga etter 1960 på den teksta som eg gjekk
inn for, MoSruvallabok-teksta, og også elles piar no framstellingane av
Bandamanna saga i vitskapleg litteratur slutta seg til mi avhandling og
viser til den.
Men kva med den utgåva som eg hadde laga av soga? Tekstdelen av
utgåva hadde komi ut i Samfund-serien 1956 som grunnlag for doktor-
avhandlinga. Men innleiinga, med ei omfangsrik utgreiing om tilhøvet
mellom dei mange avskriftene av soga på papir, låg framleis uprenta.
Jon Helgason forsikra stendig at denne innleiinga skulle prentast.
Endeleg, i 1963, fekk eg beskjed om at dersom eg kom til København
for å gjeva manuskriptet ein ny finishing touch, skulle det bli alvor. Eg
fekk permisjon frå Universitetet i Oslo og var i København i 2 veker om
hausten og gjorde i stand manuskriptet i samråd med Jon. Eg forlet
København i full forvissing om at no var det berre ei stutt tid til alt var i
orden. Men atter fekk eg oppleva at absolutt ingen ting skjedde. Fyrst
mange år etter vart Agnete Loth, i sin nye stand som fru Helgason, min
bergings-engel. Ho hjelpte meg til å få innleiinga trykt i Samfund-
serien i 1976, 20 år etter at tekstene vart trykte.
Trass i den langvarige kontroversen mellom Jon Helgason og meg
vart vi aldri uvener. Tvisynet hans kom fram også i dette. Han sende
meg oftare bøker, særprent og helsingar. Siste gongen vi møttest, var då
han og Agnete var påei privat vitjing i Oslo i mårs 1982. Ellen Marie og
eg heldt då eit seiskap for dei ein kveld, og Jon såg ut til å trivast riktig
godt, drog ikkje frå laget før kl. 2 om natta.
Det trefte seg slik at nett i dei dagar var ho komen den nye utgåva av
Bandamanna saga som eg fekk prenta for The Viking Society i samar-
beid med Peter Foote. Til avskil fekk alle gjestene i selskapet kvar sitt
eksemplar av boka. I innleiinga til den utgåva kan ein finna nokre av
mine mest uskikkelege idéar både om Bandamanna saga og om
sagalitteraturen allment i hardkokt konsentrat.