Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1991, Síða 140
128
Tveitane er i mellomtida brått og uventa gått bort. Men i tolkinga av
tilnamnet mannvitsbrekka reiser han problem som bør diskuterast
vidare. Tolkinga av det sjeldne kvinnetilnamnet er i seg sjølv interes-
sant, men også det etymologiske innhaldet i man(n)vit og madr er verdt
ein kommentar.
Tolkinga ‘Månnerwitzbrecherin’ som noko fritt kan omsetjast med:
‘den som gjer mennene galne/fråtek mennene vetet’, og som Tveitane
sluttar seg til og argumenterer for i den nemnde artikkelen, er etter
mitt syn siett ikkje uproblematisk. For det første vil denne tolkinga
innebere at ein må tolke første lekken i tilnamnet, mannvit-, spesielt
som ‘mannfolkforstand’. Vidare må ein tolke siste lekken,-brekka, som
eit avleidd substantiv til eit verb med tydinga ‘brekke’ (tysk:
brechen, engelsk: break). Eit slikt verb som lydrett ville gje avleiinga
brekka, er ikkje belagt i norrønt.
Lat oss sjå på tolkinga av mannvit-, første lekken i ulnamnet, først.
Tveitane synest å gå ut frå at den normale tolkinga av man(n)vit i
norrønt er‘mannfolkforstand’, og at ordet berre unntaksvis kan nyttast
om kvinner. Som eit slikt unntak siterer han fråKaterine Saga: Manvit
meyiarpessar er langt umfram ætlan eda vit spekinga } Når man(n)vit kan
nyttast i slike samanhengar, forklarar Tveitane det på følgjande
måte: »dette er nok et av de mangfoldige tilfeller der et ord for ‘mann’
eller ‘mannsgjeminger’ i nyere språkbruk har utviklet seg til å bety
‘menneske’ eller ‘menneskeverk’, og kan brakes om personer av
begge kjønn.«5 6
Det problemet Tveitane reiser her, utan å sjå det som eit problem, er
kva semantisk innhald ordet madr eigentleg har i norrønt. Det proble-
met skal vi korne attende til; men det er eit anna spørsmål som bør
reisast først: Er det over hovudet opplagt at det er ordet madr ein
har i man(n)vit?
Korkje Jan de Vries eller Alexander Johannesson behandlar ordet i
dei etymologiske ordbøkene sine. I Finnur Jonssons første reviderte
utgåve av Sveinbjorn Egilssons Lexicon poeticum står det om ordet
manvit: »enten af st. i madr eller monr, munr, sind«.71 den andre revi-
5 Katerine Saga, Heilagra manna sogur I, utg. C.R. Unger, Christiania 1877, s. 406.
6 Mattias Tveitane: Op.cit. s. 258.
7 Lexicon poeticum ved Finnur Jonsson, København 1913-16, s. 392.