Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1991, Page 141
129
derte utgåva har han bestemt seg for at ordet er »af st. i madr«.} I islensk
ordabok, Onnur utgåfa, ermannvit definert som ‘vit, spekt, fiekking’, og
så vist til den utdøydde forma manvit, som er definert på ein måte
som kan tyde på at ordet er sett i samband med det norrøne ordet
mun(r)lmon(r), ‘hug’: ‘kunnåtta hugans’.8 9
I kjeldene skrivst ordet på fleire måtar, både med a, o og u i rota. Der
ein har grafemet a i rota, skrivst ordet dels med dobbel n, dels med
enkel. Der vi har former med o eller u i rota, ser det ut for at ordet alltid
er skrive med enkel n. Grafema a, o og u må ein gå ut frå står for fone-
ma/a/, /o / og lul.
Skrivemåtar med enkel n i norrøne håndskrift kan godt stå for det
lange konsonantfonemet /n: /, og skrivemåtar med dobbel n kan stå
for det korte fonemet /n/. Men det er verdt å merke seg den kon-
sekvente skrivemåten med enkel n i former med fonema /o / og /u / i
rota og vaklinga der ein har fonemet /a / i rota, noko som kan tyde på at
vi alltid har det korte konsonantfonemet /n / der vi har fonema /o / og
lu / i rota, men at konsonantfonemet både kan vere langt og kort i for-
mer med fonemet /a/ i rota. Dette kan igjen tyde på at man(n)vit på
den eine sida og monvit Imunvit på den andre, som i norrønt synestå ha
same tyding og kan brukast om kvarandre, likevel kan assosierast med
ulike ordrøter. Men dette treng ikkje tyde at vi opphavleg har sa-
mansetningar med ulike ordrøter, her kan vi ha med sekundær folke-
etymologi å gjere.
Stammen i ordet madr kan ikkje forklare formene med alle dei tre
rotvokalane /a /, /u / og /o /. Vi må etter mitt syn heller gå til rota som vi
har m.a. i verbet muna, ‘hugse’, og i subst. mun(r)/mon(r), ‘hug’. Rett
nok er desse orda og ordet madr truleg opphavleg danna av same rot,10
men ein må til dei former denne rota har fått i verbet muna og i subst.
mun(r)/mon(r) for å forklare dei parallelle formene man(n)vit Imun-
vit I monvit. Formene med rotvokalane /a/ og lul må gå attende på
ulike avlydstrinn. Forma med /o / må ha same forklaring som paral-
lellforma mon(r) til mun(r). At dette må vere den rette etymologiske
8 Lexicon poeticum, 2. udgave ved Finnur Jonsson, København 1931, s. 393.
9 islensk orSabok, Onnur utgåfa, Ritstjéri Ami Bo5varsson, Reykjavlk 1985, s. 624.
10 Sjå t.d. Jan deVries: Altnordisches Etymologisches Worterbuch, Leiden 1962, s. 374;
Alexander Jéhannesson: Islandisches Etymologisches Worterbuch, Bem 1956, s. 664-
666.