Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1991, Page 142
130
forklaringa på dei ulike formene man(n)vit/munvit/monvit, vert styrka
av at også andre ord i det norrøne språket av den same rota gjeme har
sideformer med /a/ og /u/: manugd/munud, ‘lyst’: mangåt/mungdt,
‘øl’. Vi har ogsåeit ord vitsmunir i norrønt (munir pi. avmun(r), ‘hug’),
som tyder om lag det same som man(n)vit/munvit/monvit. Når
vitsmunir og munvit tyder om lag det same, herre med omvendt
rekkefølgje av ledda, vert det eit argument for at mun- i munvit må ha
om lag same tyding som -munir i vitsmunir, og for at mun- og -munir
er etymologisk svært nærskylde former. Også det norrøne ordet hugvit,
som nærmast er synonymt til man(n)vitt munvit I monvit, vert på same
måten eit argument for at førstelekken i desse orda semantisk og
etymologisk må stå synonymet til hugr, mun(r)/mon(r), svært nær.
I nokre tilfelle der orda rnan(n)vit/munvit/monvit er brukte, står dei
også i ein kontekst der det semantiske slektskapet med t.d. muna
‘tenkje’ og mun(r) - og andre ord for ‘hug’ - synest å korne så klart fram
at det verkar svært sannsynleg at slektskapet mellom desse orda må
ha vore tydeleg også i norrøn tid.11 Etter mitt syn er førstelekken i
manvit/munvit/monvit å oppfatte som eit abstrakt.
Men dermed er det ikkje sagt at forma mannvit - og kanskje manvit -
i norrøn tid ikkje kunne assosierast med ordet madr. Formene med
langt konsonantfonem /n:/, som etter kvart vart einerådande i is-
landsk, er vel som tidlegare sagt eit prov på at ei slik sekundær tilknyt-
ing dl ei ny rot fann stad. Det same kan formene mannsvit og mannavit
vere, der førstelekken i orda klart er genitivsformer av ordet madr. I
nokre ulfelle må nok desse formene oppfattast som genitiv av madr +
det usamansette vit, men i nokre tilfelle er det også klart at gen. av madr
og vit har danna eit samansett ord.12 Denne sekundære folkeetymolo-
giske omtolkinga av ordet kunne svært lett skje fordi forma man-,
danna av same rot som i verbet muna, lydleg ville falle saman med for-
mer med det korte konsonantfonemet /n/ av den rota vi har i madr.
Madr har fått langt konsonantfonem /n: /, truleg gjennom eit n-suffiks;
men det finst også former med kort konsonantfonem In I, t.d. Man- i
11 Sjå t.d. Ceciliu Saga, Heilagra manna sogur I, utg. C.R. Unger, Christiania 1877, s.
282: versegium prideilda speki ieinum manni, pat er mannvit, minni ok skilning; pviat af mannviti
finnum ver pat, er ver hofum eigi numit,...
12 Sjå t.d. dei to parallelle tekststadene: Heimskringla 1 ved Finnur Jtinsson, Kjøben-
havn 1893-1900, s. 183: peir létu sida i hundinn Hi" manna vit, ... ; Codex Frisianus,
Christiania 1871, s. 70: peir leto sida i hvnndinn priv mannavit.