Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1991, Síða 143
131
Manheimar, ‘menneskeverda’13. Også ordet man n, som i norrønt har
fått den spesialiserte tydinga ‘husfolk/trælar/trælkvinne’, må vere ei
avleiing av den same rota. Om forma manvit først vart assosiert med
rota i ord som tyder ‘menneske’, er overgangen til former med
konsonantfonemet /n:/ berre rimeleg sidan former med det korte
konsonantfonemet /n / av denne rota er sjeldne i norrønt, sidan det
eine vanlege ordet, man, har fått ei semantisk forskyving som gjev
negative assosiasjonar, og sidan grunntydinga ‘menneske’ i norrønt
vert boren av ordet madr - med n-utviding av rota.
Den tilknytinga man(n)vit måtte ha til madr, trur eg altså er se-
kundær; men om ein no følgjer Tveitane og går ut frå som upro-
blematisk at det er ordet madr ein har i man(n)vit, så er det like fullt
vanskeleg å vere med på det resonnementet at man(n)vit skulle vere eit
døme på at »ord for ‘mann’ eller ‘mannsgjerninger’ i nyere språkbruk
har utviklet seg til å bety ‘menneske’ eller ‘menneskeverk’.« Når ordet
madr i og utanfor samansetningar kan brukast om personar av begge
kjønn, så er det ikkje resultatet av ei utvikling i nyare språkbruk. Dette
var jo svært så vanleg i norrønt, og generelt sett har utviklinga snarare
gått den andre vegen. Eg har ikkje gjort ei samanliknande oppteljing
mellom norrønt og t.d. moderne norsk av når ordet madr i og utanfor
samansetningar har det semantiske innhaldet ‘mann’ og når det har
det semantiske innhaldet ‘menneske’. Men inntrykk frå avgrensa
granskingar er at det er vanlegare - til dels langt vanlegare - i norrønt
språk enn i moderne språk at ordet madr i og utanfor samansetningar
har det semantiske innhaldet ‘menneske’.14
Ein skal ikkje leite lenge etter døme i norrønt der madr - i og utanfor
samansetningar - hadde den generelle tydinga ‘menneske’ i norrønt,
men har mista denne i nyare språk. Tenk berre på opningsorda i
Heimskringla: Kringla heimsins, su er mannfolkit byggvir... Ingen vil vel
tru at Snorri her tenkjer berre på mennene. Normaltydinga av madr i
13 Ei anna tolking av Manheimar vart sett fram av Eggert 6. Briem i artikkelen
»Bemerkninger angående en del vers i ‘Noregs konungasogur 1’«, Arkiv for nor-
disk filologi XI, Lund 1895, s. 1-32. Han tolkar namnet som ‘elskovens hjem’.
14 Sjå Else Mundal: »Bameutbering«, Norskrift, Arbeidsskrift for nordisk språk og
litteratur nr. 56, Universitetet i Oslo, Institutt for nordisk språk og litteratur, 1987, s.
16f. I artikkelen »Man," Kvinna och person«, Lingvistica et philologica. Gedenkschrift
fur Bjom Collinder, Wien 1984, s. 113f. kjem Bertil Ejder også inn på det semantiske
innhaldet av ordet madr i eldre nordiske språk, og slår fast at det semantiske innhaldet
svært ofte er menneske.