Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1991, Blaðsíða 144
132
norrønt er faktisk ‘menneske’. Det er også fastlege i dei vitskaplege
ordbøkene.
Eit av dei døma Tveitane nemner, der han meiner det er opplagt at
ordet man(n)vit har det han ser som den opphavlege tydinga: ‘mann-
folkforstand’, er Hav am dl str. 10-11: Byrdi betri berrat madr brauto at/
en se' manvit mikit;... Men at desse strofene i Håvamål spesielt skulle
handle om menn og mannfolkforstand, er ein ny påstand. Akkurat
desse strofene trur eg også vi skal ha in mente når vi kjem til tolkinga av
kvinnetilnamnet mannvitsbrekka.
A omsetje man(n)vit med ‘mannfolkforstand’, som ein gjer når ein
tolkar tilnamnet mannvitsbrekka som ‘den som gjer mennene galne/
fråtek mennene vetet’, er altså ikke heilt uproblematisk. Skulle ein
kunne godta omsetjinga av mannvit i tilnamnet mannvitsbrekka som
‘mannfolkforstand’, måtte det i alle høve vere ut ifrå ein situasjon,
nemleg den situasjonen at det er ei kvinne som ber tilnamnet, for iso-
lert sett kan ordet man(n)vit ikkje forsvare ei slik omsetjing. Ordet er
fullstendig kjønnsnøytralt. Det vert sjølvsagt heilt klart om ordet - som
eg trur - etymologisk skal knytast til verbet muna, ‘hugse’, og subst.
mun(r)/mon(r), ‘hug’, og berre sekundært har vorte assosiert til ordet
madr. Men som Finnur Jonsson understreka ved omsetjinga ‘menne-
skeforstand’, er ordet kjønnsnøytralt i alle tilfelle. Og for tolkinga av til-
namnet mannvitsbrekka vil det såleis ikkje spele større rolle om ein legg
Finnurjonssons forståing av ordet man(n)vit til grunn, eller om ordet
skal knytast til muna, ‘tenkje’, og mun(r)/mon(r), ‘hug’, som eg mei-
ner. Ordet vil i alle høve tyde ‘forstand’.
Men den største vansken ved Maurers og Tveitanes tolking av til-
namnet mannvitsbrekka som ‘Månnerwitzbrecherin’ ligg nok likevel i
tolkinga av siste lekken i ordet: -brekka. Etter mitt syn er det ein alvorleg
vanske for denne tolkinga at verbet som substantivet brekka, ‘breche-
rin’, skulle vere avleidd av, ikkje er belagt i norrønt. Om tilnamnet er
laga på 900-tallet, må føresetnaden anten vere at eit norrønt verb som
tilsvarar tysk brechen, og engelsk break på denne tida var levande i
norrønt språk, eller at tilnamnet er laga etter mønster av eldre
avleiingar av verbet. Men korkje verbet eller parallelle avleiingar finst i
norrøne kjelder. Det nærmaste ein kjem, er det poetiske ordet breki m
for ‘bylgje’, som tyder ‘den som bryt’.
Men om ei feminin avleiing frå det ikkje belagde verbet skulle ha
funnest, ville det likevel ikkje ha vore uproblematisk å tolke brekka som