Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1991, Page 145
133
‘brecherin’. Som Tveitane sjølv peikar på,15 skulle vi nemleg ha venta
det stutte konsonantfonemet /k/. Det lange konsonantfonemet /k: /
ville ein få om ordet var ei jon-avleiing; men då skulle på den andre
sida j-suffikset vere synleg. Ein skulle altså anten vente *breka eller
*brekkja. Den forklaringa Tveitane gjev på at vi ikkje får ei av dei venta
formene, men derimot brekka, er at dette elles ikkje belagde substanti-
vet har falle saman med det kjende terrengordet brekka. Denne forkla-
ringa let seg kanskje høyre; men ein må då også kunne spørje seg om
tilnamnet mannvitsbrekka med tydinga ‘Månnerwitzbrecherin’ i det
heile ville fungere i språket. Om eit mykje sjeldsynt ord brekka,
‘brecherin’, fanst - som eg tvilar på - er det vel svært sannsynleg at det
ville verte forveksla med det vanlege og velkjende terrengordet brekka i
kontekstar der det over hovudet var mogeleg å forveksle orda.
Det er etter mitt syn såpass mange store formelle vanskar ved å tolke
mannvitsbrekka som ‘Månnerwitzbrecherin’, at det er grunn til å sjå
nærmare på dei meir tradisjonelle tolkingane av tilnamnet, og på om
det er mogeleg å føre fram nye argument for ei tolking meir i tråd med
tolkingane dl Gering og Finnur Jonsson.
Slik Gering og Finnur Jonsson tolka mannvitsbrekka, er siste lekken i
tilnamnet, -brekka, ordet for ein terrengformasjon, ‘brett bakke’.
Tveitane seier at for å få ordet til å passe, vrir Gering si omsetjing over
frå ‘bakke’ til ‘fjell’ - ‘weisheitsklippe’.16 Og han går ut frå at Gering
omset slik fordi han har hatt parallellar frå Bibelen eller liturgiske tek-
ster i tankane. Der kan Gud og Jomfru Maria vere omtala som ‘vis-
domens klippe’ eller med liknande omskrivingar.
Dersom Gering skulle ha tenkt på parallellar i religiøs litteratur, så
har sjølvsagt Tveitane rett i at desse parallellane var ukjende då tilnam-
net mannvitsbrekka vart gjeve på 900-talet. Og dersom tilnamnet ikkje
skulle vere »ekte«, men vere laga seinare med mønster i religiøs lit-
teratur, så må ein også gje han rett i innvendinga at det er lite rimeleg at
ein forfattar langt ut i kristen tid ville sjå seg om etter slike mønster for
eit tilnamn på ei sagakvinne frå den heidne tida.
Men etter mitt syn er desse innvendingane mot Gerings tolking av
mannvitsbrekka lite tungtvegande fordi det over hovudet ikkje er
opplagt at Gering tolkar tilnamnet i lys av omskrivingar i religiøs litte-
15 Mattias Tveitane: Op. cit. s. 260.
16 Mattias Tveitane: Op. cit. s. 255f.