Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1991, Page 146
134
ratur. Gering kan ha valt omsetjinga ‘weisheitsklippe’, som for så vidt
er i stil med omskrivingar i religiøs litteratur, av omsyn til kva som fun-
gerer i moderne språk utan at desse kristne omskrivingane har spela
den minste rolle for hans tolking av tilnamnet.
Finnur Jonsson, som omsette tilnamnet om lag som Gering:
‘Mandevids (menneskeforstands) brink’, har eit forklarande tilleggom
bruken av ordet brekka, som kanskje viser at han tenkjer i litt andre
banar enn Gering: »brekka bruges her vel hentydende til hendes fyldi-
ge barm.«17 Han viser også ti1 eit anna tilnamn, knarrarbringa, som
han tydeligvis ser som ein parallell.
Av Finnur Jonssons kommentarar dreg Tveitane den slutninga at
han for det første må ha oppfatta tilnamnet som ei bahuvrihi-form:
Jorunn ‘med den fyldige barm’, men på same tid har han forstått
tilnamnet som ein slags kjenning for ‘bryst’.18 Tveitane awiser då
denne tolkinga fordi han for det første stiller seg tvilande til at
bahuvrihi-former kan fungere som kjenningar, og for det andre fordi
han ikkje har funne døme på at kjenningar kan brukast som tilnamn.
Desse innvendingane er i og for seg sikkert rette.
Men no er eg ikkje sikker på at Finnur Jonsson skal oppfattast slik det
er gjengjeve ovanfor. Rett nok ser det ut for at han tenkjer seg Jorunn
som barmfager. Men det vil ikkje seie at brekka i tilnamnet mannvits-
brekka skal lesast som ‘med den fyldige barm’. Det Finnur Jonsson
truleg meiner er at ordet brekka kan vere valt som siste lekk i tilnamnet
- og ikkje ordet for ein flatare terrengformasjon - for å passe på
Jorunn. Ein har vel heller ikkje grunnlag for å tru at Finnur Jonsson
oppfatta tilnamnet mannvitsbrekka som ein slags kjenning for ‘bryst’.
Rett nok har tilnamnet mannvitsbrekka ein viss likskap med overleverte
kjenningar for ‘bryst’ som hugstrond og hugtun. Etter det utvida syno-
nymomgrepet som gjeld innanfor skaldespråket, kan man(n)vit kan-
skje oppfattast som synonym til hugr, og brekka som synonym til
strond/tun. Men korkje første eller andre lekken i tilnamnet mannvits-
brekka er brukte i overleverte kjenningar for ‘bryst’,19 så trass i ein viss
17 Finnur Jénsson: Tilnavne i den islandske oldlitteratur, Aarbøger for nordisk Old-
kyndighed og Historie, København 1907, s. 243.
18 Mattias Tveitane: Op. tit., s. 259.
19 Sjå Rudolf Meissner: Die Kenningar der Skalden, Bonn og Leipzig 1921, s.
134 f.