Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1991, Page 147
135
likskap mellom nokre kjenningar for ‘bryst’ og tilnamnet mannvits-
brekka er det lite truleg at tilnamnet i norrøn tid vart oppfatta som ei
omskriving for ‘bryst’, og det er like eins lite truleg at Finnur Jonsson
skulle ha oppfatta tilnamnet på denne måten. Det forklarande tillegget
han har til tilnamnet, gjev ikkje grunnlag for å gå lenger enn til å seie at
han har oppfatta brekka åleine som ein metafor for ‘bryst’.
Når Tveitane awiser Gerings og Finnur Jonssons tolking av tilnam-
net mannvitsbrekka, så skjer det etter mitt syn på eit noko sviktande
grunnlag, for ein kan ikkje vere sikker på at dei to nemnde forskarane
har hatt dei tankar og synspunkt det vert argumentert mot.
Eg skal ikkje gje meg ut på gissingar om korleis Gering og Finnur
Jonsson kan ha tenkt og meint; men ei tolking av dlnamnet mannvits-
brekka som i det store og heile er i samsvar med tolkingane til desse to
forskarane, let seg godt forsvare utan å skjele til parallelle omskrivin-
gar i religiøs litteratur, og utan å oppfatte mannvitsbrekka som bahuvri-
hi-form eller som kjenning for ‘bryst’.
Som Tveitane peikte på, var ordet brekka aldri nytta i dei kristne
omskrivingane for Jomfru Maria, som han trass alt såg som dei nærma-
ste parallellane til tilnamnet mannvitsbrekka etter Gerings tolking.
Omskrivingar i religiøs språkbruk vil eg sjå som fullstendig uinteres-
sante parallellar i denne samanhengen. Derimot finst det parallellar i
det norrøne poetiske språket der ordet brekka er brukt, som eg vil sjå
som langt meir interessante. Ordet brekka kan vere grunnord i ein
kategori av kvinnekjenningane, den kategorien som har ord som jord,
land o.l. som grunnord, og ord som vekkjer assosiasjonar til noko
kvinneleg som kjenneord, t.d. ord for eit kvinneleg klesplagg, eller
oftast ord for ‘smykke’ eller ord for ‘guli’.20 Etter mitt syn er det slike
kvinnekjenningar med brekka som grunnord som dannar dei nærma-
ste og mest interessante parallellar til tilnamnet mannvitsbrekka.
No er tilnamnet ingen kjenning. Det er ikkje ein kjenning for ‘bryst’,
og det er heller ikkje ein kjenning for ‘kvinne’. Tveitane har kanskje rett
i at norrøne tilnamn ikkje er kjenningar; men det finst likevel ein del til-
namn som formelt sett ligg kjenningane nær. Ved nokre høve kan det
sjå ut som tilnamn medvete er gjevne for å vekkje assosiasjonar til det
poetiske språket. Dette trur eg er tilfelle ved ein del samansette tilnamn
20 Sjå Rudolf Meissner: Die Kenningar der Skalden, Bonn og Leipzig 1921, s. 409.