Bibliotheca Arnamagnæana - 01.06.1991, Síða 149
137
‘Mandevids (menneskeforstands) brink’ er kanskje ikkje heilt gode
omsetjingar for tilnamnet mannvitsbrekka - heller ikkje når ein ser bort
frå at Finnur Jånsson assosierer første lekken i tilnamnet til madr. Men
det er også svært vanskeleg å gje ei presis omsetjing av tilnamnet fordi
det må tolkast i lys av eit assosiasjonsrikt poetisk språk som ikkje lenger
fungerer i levande språkbruk. Men det presise innhaldet - sjølv om det
er vanskeleg å formulere - får ein etter mitt syn om ein tolkar tilnamnet
i lys av kvinnekjenningar med brekka som grunnord og i lys av dei vur-
deringar som kjem fram i Hdvamdl str. 10.
Eit forhold som kan tyde på at denne tradisjonelle tolkinga av
mannvitsbrekka er den rette, er at tilnamnet etter denne tolkinga vert
heilt i samsvar med ein type kvinnetilnamn som elles er kjende frå
norrøn tid, nemleg tilnamna av typen in spaka, ‘den kloke’. Derimot
ville tilnamnet etter tolkinga til Maurer og Tveitane, så vidt eg kan sjå,
sakne parallellar i det norrøne materialet.
Enno eit forhold som er verdt å nemne, og som støttar den
tradisjonelle tolkinga av tilnamnet mannvitsbrekka, er at etter denne
tolkinga vil tilnamnet stå i stil med tilnamna til nære slektningar av
Jorunn. Og det er eit fenomen ein møter ganske ofte i norrøne kjelder,
at nære slektningar har tilnamn som står i stil med kvarandre, anten
ved at dei har liknande innhald, eller ved at dei har motsett inn-
hald.
Jorunn mannvitsbrekka hadde to systrer som også hadde tilnamn.
Den eine systera var Au6r (Unnr) in djupuQga, den andre var borunn
hyrna. Tilnamnet til Au&r (Unnr) har noko ulik form i ulike håndskrift.
I alle håndskrift av Eyrbyggja saga t.d. har namnet forma djupauhga,
som skulle tyde ‘den storrike’. Men den vanlege oppfatninga er at den
rette forma av tilnamnet er djupubga, ‘den storkloke’.21 Tilnamnet til
den andre systera, borunn hyrna, har tradisjonelt vore tolka som eit til-
namn som er gjeve ut ifrå ein karakteristisk hovudbunad, eit trekanta
skaut eller ein hovudbunad med topp.22 Men som eg tidlegare har
gjort framlegg om, kan tilnamnet hyrna like gjerne tyde ‘kant på øks’.
borunn skulle då ha eit tilnamn som kunne omsetjast med ‘den
kvasse’, og då ‘den kvasse’ i overført tydning.23
21 Finnur J6nsson: Tilnavne i den islandske oldlitteratur, Aarbøger for nordisk Old-
kyndighed og Historie, København 1907, s. 243.
22 Finnur Jbnsson: Tilnavne i den islandske oldlitteratur, Aarbøger for nordisk Old-
kyndighed og Historie, København 1907, s. 33lf.
23 Else Mundal: Soga om Øyrbyggjene, Norrøne bokverk 10, Oslo 1979, s. 138.