Íslenskt mál og almenn málfræði - 01.01.2000, Page 112
110
Flugur, smágreinar og umrœðuefni
Denne samstemmige litterære gjenbruk av episoden i ulike versjonar
av sagaen om Harald Sigurdsson understrekar og forsterkar etter mitt
syn det som Magnús Fjalldal er inne pá i sitt arbeid, der han m. a. kon-
kluderer med at den berpmte sprákpassasjen i Gunnlaugs saga “should
be disregarded by the historian and left to rest in the field of saga stud-
ies” (Magnús Fjalldal 1993:608).
Det vi i dette tilfellet har á gjera med i dei kongesagatekster som
fortel om slaget ved Stanford Bridge, má med god rett kunna kallast
eit litterært topos i eigentleg forstand (sjá ög Indrebp 1917:205), eit
topos utan alt for nær samanheng med sprákhistoriske forhold i
England og Noreg pá 1060-talet. Og heller enn á vera realhistorisk
informasjon av noko slag synest dette topos snarare á visa allegorisk
til den bibelske beretning om Peter og hans fomekting av Jesus dá
denne etter Getsemane vart págripen og plaga i forhpyr. Pá liknande
vis som Peter kom seg unna og fomekta sin herre, har Styrkár Stallare
komme seg bort frá den store og avgjerande striden — ved Stanford
Bridge — for á berga sitt eige skinn. Den bibelske beretning som
synest á klinga med i bakgrunnen her, lyder som fplgjer i Matteus
Evangelium 26.73, slik ein mellomalderforfattar má kunna ha kjent til
gjennom Vulgatas ordlegging:
Post pusillum autem accesserunt, qui stabant et dixerunt Petro: “Vere et
tu ex illis es, nam et loquella tua manifestum te facit.”
Eller som det heiter i dagens norske omsetjing:
Eit lite bel etter kom dei som stod der, fram og sa til Peter: “Jau visst er
du ein av dei, du ög; det kan ein hpyra pá málet ditt”.
Noka djupare analyse eller sprákhistorisk innsikt ligg neppe til gmnn
for denne beretninga om Styrkár Stallare i kongesagaene. Men det kan
godt vera at det er FMRs utsegn om sprákslektskap som skin gjen-
nom, og at den presisering og forspk pá forklaring av spprsmálet om
sprákforholda i England som vi ser i Gunnlaugs saga, eigentleg er ein
konsekvens av at det, slik kongesagaene altsá demonstrerer, var
etablert som eit godt kjent litterært topos i 1200-talets Island at “ein
var þá tunga á Englandi sem í Noregi og í Danmprku”.