Íslenskt mál og almenn málfræði - 01.01.1993, Page 164
162
Jan Ragnar Hagland
Magnus Olsen pá sin máte ein fpresetnad om “a mutual cognitive
environment” der FG har kunna gá ut frá at kunnskap om runeskriftas
systematikk var ein del av det Sperber & Wilson ville kalla “the codes
and conceptual information that the audience will have accessible and
be likely to use in the comprehension process” (Sperber & Wilson
1988:43).
Magnus Olsens tolking av det som er sagt om titulus i FGA, kan vel
ikkje heilt avvisast som eit uttrykk for at forfattaren har vore innforstátt
med runeskrift og som uttrykk for ein fpresetnad frá hans side om at eit
publikum hadde “shared information” pá dette omrádet, for endá ein
gong á henta eit uttrykk frá Sperber & Wilson. Magnus Olsens poeng
blir likevel lite bindande ettersom FGA i sin omtale av titulus tvillaust
byggjer pá ei latinsk kjelde og for ein gongs skuld nesten ordrett gir att
Remigius’ kommentartil Donatus Ars Minor, slik Hreinn Benediktsson
heilt klárt har pávist (1972:190f).
Kva sá med tesen om at ein heimleg skriftsprákskultur má reknast
inn nár det er sá stor semje som det synest á vera om at “runeskriften
(ikke) nevnes i 1. gr. avh. med rene ord”, som Magnus Olsen har
uttrykt det, og fleire med han? I annan samanheng (Hagland 1992) har
eg ffeista á gi eit svar pá dette ved á hevda at FG implisitt nyttar ein
diskusjon om runeskriftas fonologiske representasjon som eit grunnlag
i sin skarpsindige argumentasjon for eit særskilt teikninventar innom
den felleseuropeiske skriftsprákstradisjonen han spkte ápassa islandske
sprákforhold inn i, slik han har gjort og “ritað oss islendíngvm stafrof
bQÖi latinv stofvm QÍlvm þeim er mer þottí gegna til vaars maals vel sva
at rettræðir mætti verða ok þeim oðrvm er mer þotti i þvrfa at vera"
[84i5_i7] for á nytta hans eigne ord.
Direkte bruk i FGA av termar og uttrykk som viser til runeskrift, har,
som vi kjenner til, for det meste vore sett pá som stilistisk variasjon
utan referanse til anna enn skrift med latinske bokstavar. Det gjeld
bruken av termen rún f dei tre gongene det finst i teksten [854, 85s og
8610] og det avleidde ordet rynni f [87s]. I tillegg kjem samansetjinga
réttræðr [84i0, 84n, 84n og 853]. Det sistnemnde er, som Hreinn
Benediktsson seier, “derived from ráða rúnar" og er eit omgrep som