Gripla - 2020, Blaðsíða 168
167
Ingenting av det me må forventa, dersom of/um-partikkelen var reint
rytmefyll, stemmer. Funksjonen må ha vore ein annan.
Hadde of/um-partikkelen eit meiningsinnhald enno i norrøn tid?
Når of/um-partikkelen er brukt i eit stort tal tilfelle der den umulig kunne
tena som rytmefyll, må det vera andre grunnar til at partikkelen blei brukt.
Me veit òg at partikkelen blei mest brukt av meisterskaldane, dei Snorri
Sturluson framheva som førebilde då han skreiv snorra Edda, læreboka i
skaldskap (jf. oversikta over skaldane lenger nede, tabell 1). Korfor skulle
meisterskaldane ty til fyllord i stort monn når langt meir ubetydelege
skaldar klarte seg fint utan? — Sant nok blei of/um alltid brukt i trykklette
stavingar, men det var jo fordi stavinga ikkje hadde trykk og følgjeleg ikkje
kunne gis tyngd i verselinja.
Som Christiansen peika på var bruken av partikkelen ikkje konsekvent.
Same følgjeord kunne stå med eller utan eit førestilt of/um utan at ein
kan sjå det gav ei anna meining. Men det gjeld også forstavingar i andre
germanske språk. «In allen germanischen Sprachen standen Wörter mit
Präfix neben präfixlosen ohne merkbaren Bedeutungsunterschied».30 Det
betyr ikkje at forstavinga hadde mista meiningsinnhaldet, men at det var
underforstått. Me kan samanlikna med ordparet gjennomsnitt/snitt, som
blir nytta om kvarandre i moderne norsk, utan meiningsforskjell, då det
framgår av samanhengen om snitt blir brukt i tydinga ‘gjennomsnitt’ eller i
ei anna tyding. Me kan òg samanlikna med subjunksjonane om, at og når,
som i visse samanhengar kan droppast utan at det fører til misforståingar,
då det framgår av samanhengen at subjunksjonen i slike tilfelle er under-
forstått.31
Kuhn påviste at Bragi var konsekvent i bruken av of/um-partikkelen,
noko som tyder på at den enno høyrde til talemålet på hans tid og enno
fungerte som trykksvak forstaving, mens bruken var inkonsekvent hos
alle skaldar etter hans tid. Det tolka han som at partikkelen forsvann frå
talemålet etter midten av 800-talet, då Bragi levde, og seinare bare blei
brukt som dikterisk verkemiddel i kvad. Men når me veit at partikkelen
må ha blitt brukt av andre grunnar enn som rytmefyll, er det ikkje så
30 Kuhn, Das Füllwort, 99.
31 Lars Anders Kulbrandstad, språkets mønstre (Oslo: Universitetsforlaget 2012; 1. utg. 1993),
231; 233; Olsen, Alderen til eddakvada, 79f.
OF/UM-PARTIKKELEN SOM DATERINGSKRITERIUM