Gripla - 2020, Blaðsíða 191
GRIPLA190
tilbake til urnordisk utan brot på regelen, kan me ikkje avvisa muligheten
for at dei er eldre enn norrøn tid. Om dei faktisk kan vera så gamle, må
drøftast konkret for kvart enkelt kvad. Eg vil oppfatta få brot på Bugges
regel som eit arkaisk trekk, slik at kvad i ljóðaháttr med få slike brot (sær-
leg Háv., Alv., vm., Fm.) ofte er eldre enn kvad med mange slike brot.
samsvarar dei språklege kriteria?
Det er ikkje fullt samsvar mellom alle kriteria, noko som heller ikkje er
å venta. Samsvaret er likevel stort. Dei fem kvada eg har rangert som det
yngste laget ut frå omfanget av of/um-partikkelen, Helgekvada, Grp. og
Am., ser også ut til å ha låg alder ut frå dei andre kriteria, med unntak av
at Grp. har eit middels tal brot på V2-regelen (og dei fleste kvada ser ut til
å vera eldre enn 1100-talet). Inntrykket av at desse kvada er unge, blir be-
krefta. Dei 13 kvada eg rangerer som det eldste laget ut frå omfanget av of/
um-partikkelen, kvada frå Þrk. til vkv. i tabell 2, ser stort sett ut til å vera av
høg alder også ut frå andre kriterium. Unntaka er at Od. bare har middels
tal brot på V2-regelen, Hm. har éi (einaste) samantrekt form der me ventar
hiatus og sd., Ls. og Grm. har middels tal brot på Bugges regel. Bortsett frå
Od. og Grm. blir alle dei 13 bekrefta som gamle av minst eitt kriterium i
tillegg til of/um-partikkelen.
Dersom me deler alle dei 29 kvada kvada i to store bolkar, ‘antatt eld-
ste’ og ‘antatt yngste’, ut frå omfanget av of/um-partikkelen, får me dette
resultatet: Av dei 15 antatt eldste eddakvada (f.o.m. Þrk. t.o.m. Alv.) er det
bare to — Hm. og sg. — som blir antyda som unge på noko anna kriterium,
begge bare på eitt einaste kriterium. Av dei 14 antatt yngste eddakvada
(f.o.m. Hym. t.o.m. Am.) er det bare to — Gðr. II og Fm. — som blir antyda
som gamle på noko anna kriterium, begge bare på eitt einaste kriterium.
Dei kvada som får litt sprikande resultat, er ofte så korte at me ikkje
kan legga stor vekt på kriteria. Mønsteret blir bekrefta: me kan skilja
mellom tre alderslag, og frekvensen av of/um- partiklar ser ut til å vera eit
brukbart kriterium for å skilja mellom eldre og yngre kvad. Men spesielt
ved kortare kvad skal me vera forsiktige med klare konklusjonar om alde-
ren.
Haukur Þorgeirsson har rekna ut kor ofte ulike nektingsord er brukt i
eddakvada, og samanlikna med omfanget (frekvensen) av of/um-partiklar.
I dei 14 kvada som har høgast innslag av of/um-partiklar, er nektingsorda