Gripla - 2020, Blaðsíða 192
191
ofte né, né + etterhengt -at, -t, -a eller bare etterhengt -at, -t, -a. I dei 15
kvada som har lågast innslag av of/um-partiklar, er né langt sjeldnare brukt
mens eigi er hyppig, i tillegg til at nektinga ofte blir markert som etterhengt
-at, -t, -a utan eit førestilt né. Då det førestilte né er antatt eldre og eigi
(etterhengt -gi) antatt yngre, styrkar denne undersøkinga tiltrua til of/um-
partikkelen som alderskriterium. Haukur presenterte dette på konferansen
«Metodologi i mytologi», Bergen 31. oktober—1. november 2019. Eg tryk-
ker figurane med Haukurs løyve, sjå tabell 3 og 4 (side 192–193).
Når me ser at frekvensen av of/um-partikkelen i eddakvada fell i
sam svar med skiftet i bruken av ulike nektingsord, eit skifte som har
samanheng med alder, blir det endå eit argument for at frekvensen av of/
um-partikelen i eddakvada seier noko om alderen på kvada. Når jamføring
med alle andre gamle språktrekk også tyder på det same, blir det vanskeleg
å finna andre forklaringar enn at frekvensen av of/um-partikkelen i dei
overleverte eddakvada heng saman med alderen på kvada. Ordmaterialet
må sjølvsagt vera så pass omfattande at me har grunnlag til å trekka slut-
ningar bygd på frekvens. Eg meiner å ha påvist at me må ha minst 300
verselinjer, helst 500 verselinjer eller meir, for å bruka partikkelen som
indikator, og at slutningar bygd på frekvens er heilt sikre når me har tuse-
ner av verselinjer.
Konklusjon
Of/um-partikkelen var ikkje fyllord, men ein rest etter trykksvake for-
stavingar som enno hadde eit meiningsinnhald i norrøn tid. Nemninga
«ekspletiv partikkel», «fyllord», er derfor misvisande; partikkelen var ikkje
eit reint dikterisk verkemiddel, det ser ut til at den høyrde til daglegtalen
inntil den gradvis gjekk ut av bruk. Dersom det er tilfelle, og bruken
speglar bruken i daglegtalen, blir den meir truverdig som aldersmål enn om
den bare var eit dikterisk verkemiddel skaldar nytta vilkårleg.
Frekvensen av of/um-partikkelen er eit godt aldersmål dersom ord-
mengda er stor nok, og den er det beste dateringskriteriet me har, også
fordi det kan nyttast, med større eller mindre atterhald, for samtlege
eddakvad. Partikkelen kan nyttast som ein usikker indikator ved kvad på
minst 300 kortverslinjer, ein sikrare indikator ved minst 500 kortvers, og
eit særs godt aldersmål når me har meir enn 3000 kortvers (då er utvik-
OF/UM-PARTIKKELEN SOM DATERINGSKRITERIUM