Gripla - 2020, Blaðsíða 185
GRIPLA184
dermed at desse eddakvada kan ha blitt dikta på 900-talet eller tidleg 1000-
tal. Det er 3012 verselinjer til saman, så partikkelbruken bør gi eit påliteleg
anslag for den gjennomsnittlege alderen. Enkelte kvad i gruppa kan likevel
vera eldre eller yngre enn dette, særleg om det er korte kvad.
Kvada i det som ser ut som det eldste laget (frå Þrymskviða til Vǫlundar-
kviða), 14 kvad der 4 har meir enn 300 verselinjer (men blant dei er
Háva mál), har of/um-partiklar i frå 6,9 % til 2,8 % av verselinjene, med
gjennomsnitt 3,8 %. Ingen skaldar etter 980-åra ligg i nærleiken av ein slik
omfattande bruk av of/um-partikkelen, jamfør tabell 1, og det er snakk
om heile 4077 verselinjer til saman, så partikkelbruken bør gi eit påliteleg
overslag for alderen til gruppa som heilskap. Det er vondt å tru at nokon
av desse kvada er frå tida etter 980-åra, dei kan heller vera langt eldre. Me
veit ikkje kor omfattande partikkelbruken var før Bragis tid, så det er uråd,
bare ut frå samanlikning med skaldekvada, å anslå noka tidsgrense bakover
i tid. Foreløpig kan me seia at det ser ut som desse kvada neppe er yngre
enn frå 800–900-talet. Di kortare kvada er, di meir usikre blir overslaga.
Då ser det ut som me kan samla eddakvada i tre grupper som kan date-
rast til «ikkje yngre enn 800–900-talet», «900-talet eller tidleg 1000-tal»
og «tida etter år 1000», og at eddakvada som gruppe, det vil seia storparten
av kvada, ser ut til å vera eldre enn 980-åra. Me bør undersøka korleis dette
stemmer med kva aldersoverslag studiar av andre språktrekk antyder.
Alder ifølgje of/um-partikkelen jamført
med andre språktrekk
Det er gjennomført studiar av ei rekke andre språktrekk som alle kan gi
antydningar om alderen på eddakvada. Eg har undersøkt om dei stadfestar
eller motseier overslaga som of/um-partikkelen antyder, og har sett på
følgjande fenomen: (1) såkalla vinðandin forna (‘forelda språk’), det vil
seia ord på innleiande vr- som fekk former på r- i yngre norrønt (yngre
oldvestnordisk), t.d. vreiðr > reiðr; (2) hiatus (vokal-samanstøyt) i ord som
fekk samantrekte former på 1100-talet, t.d. séa > sjá; (3) preposisjonane
fyr, ept og und, som seinare blei til fyrir, eptir og undir; (4) enklitisk bruk av
ek og es; (5) etterhengd artikkel; (6) verb plassert seint i setninga (brot på
den såkalla V2-regelen); (7) bortfall av ‘w/v’ føre runda vokal; (8) overgang
/w/ > /v/ og stavrim v/vokal; (9) språkgrensa mot urnordisk og i tillegg