Gripla - 2020, Blaðsíða 190
189
kan vera autentiske også om kvada er langt yngre enn 600-talet dersom
‘w/v’ blei oppfatta som vokal. Finnur Jónsson konkluderte at slike stavrim
var mulige, sjølv om dei er uhyre sjeldne i skaldekvada.68 Slike stavrim ville
etter mitt syn vera naturlege så lenge ‘v’ blei uttala vokalisk, som engelsk ‘w’,
/w/. Når skjedde overgangen frå bilabial /w/ til labiodental /v/? Bo Ralph
og Tomas Riad daterer den til slutten av «Common Old Nordic Period»,
truleg på 1000-talet.69 Eg konkluderer at stavrim v/vokal var mulig i eldre
norrøn tid. Samtidig er det påfallande at dei er relativt hyppige i eddakvada,
men uhyre sjeldne i skaldekvada, noko som tyder på at eddakvada høyrer til
ein eldre sjanger. Yngre enn rundt 1100 er dei neppe — det er i alle fall min
konklusjon for dei ni skaldekvada med stavrim v/vokal.
språkgrensa mot urnordisk er behandla av Bugge, Noreen og Fidjestøl.70
Bugge hadde påvist at kvad i versemålet ljóðaháttr følgde ein spesiell re-
gel, kalla Bugges regel, i fullverslinjene. Når han rekonstruerte kvada til
urnordisk, ville eddakvada bryta med denne regelen. Det tolka han som at
ingen av kvada var eldre enn overgangen frå urnordisk til norrønt. Noreen
påviste at fleire kvad kunne rekonstruerast til urnordisk utan å bryta med
Bugges regel, noko som gav grunn til å tru at enkelte av dei var eldre enn
norrøn tid. Fidjestøl undersøkte dei same døma, avgrensa til tilfella der
norrøn eller urnordisk form ville gi ulikt utslag for Bugges regel. Han kon-
kluderte med at med nokre få mulige unntak blei Bugges funn bekrefta, og
at avvika, kvada der urnordisk form ville gi få eller ingen brot på Bugges
regel, var for få til at dei kunne gi positiv støtte til ei datering til urnordisk
tid. Mot det vil eg innvenda at så lenge enkelte kvad faktisk kan førast
OF/UM-PARTIKKELEN SOM DATERINGSKRITERIUM
same døma finn ein også hos von See et al. Kommentar zu den Liedern der Edda 1997–2019;
jf. Olsen, Alderen til eddakvada, 38.
68 Finnur Jónsson, norsk-islandske kultur- og sprogforhold i 9. og 10. årh. Historisk-filologiske
Meddelelser udg. af Det Kgl. Danske videnskabers selskab III, 2, (København: Bianco Luno,
1920–1921), 253f.
69 Bo Ralph, «Phonological and graphemic developments from Ancient Nordic to Old Nordic»,
the nordic Languages (sjå d.) 1 (2002), 716; Tomas Riad, «Phonological and graphemic
developments from Ancient Nordic to Old Nordic», the nordic Languages 1 (2002), 901.
70 Sophus Bugge, «Nogle bidrag til det norröne sprogs og den norröne digtnings historie,
hentede fra verslæren», Beretning om forhandlingerne på det første nordiske filologmøde i
København den 18.–21. juli 1876, red. Ludv. F.A. Wimmer (København, 1879), 140–146;
Erik Noreen, «Eddastudier.» språkvetenskapliga sällskapets i Uppsala förhandlingar jan.
1919–Dec. 1921, Uppsala Universitets Årsskrift 1921 (Uppsala 1921), 1–44; Fidjestøl, the
Dating of Eddic Poetry, 260–269.