Nordens Aarbog - 01.06.1923, Blaðsíða 153
NOKO UW TALEMAL OG SKRIFTMÁL SERLEG I NOREG
bygdemáli og i riksmálet, medan dei internasjonale ordi av klas-
sisk og romansk upphav hev vore friare nytta. Dette kaxin sy-
nast inkonsekvent, men det ligg noko av ei sjolvhevding i det.
Dei framandi ordi av germansk upphav tevlar gjerne med norske
ord og trengjer dei undan. Dei hev ogso eit lag til á trengja
seg inn i storre mengder. Tek ein t. d. upp ei rekkje ord med
fyrestavingi be-, so slike ord fær heimstadrett, so vil dei lett
draga etter seg heile heren av ord pá be-, og ei rekkje málande,
mergfulle norske ord vil gá i grav. Sameleis um ein tok inn
ordi med endestavingi -heit; dá vilde visseleg denne endingi
verta >som en gaukunge i et smaafugl-reir», og norsken vilde
missa mykje av gro-evna og mjukleiken i avleidingi. Dei ro-
manske ordi derimot kjennest meir framandslege, dei dreg ikkje
so lett andre ord etter seg, og det vert ikkje so stor fáre for
skadeflaum.
Det at riksmálet og landsmálet ligg so nær ein annan, gjer
au at ikkje berre ord og ordlag, men heile stiltonen i eit lands-
málsstykke kann verta sterkt páverka av riksmálet. Bladmenn
og andre, som kanskje hev sete og lese riksmál eller dansk i
timevis, set sig til á skriva landsmál og er kanskje noydde til
á rabla i veg utan á ha tid til á velja ordi eller saumfara sti-
len; kanskje dei má skriva ofte og mykje utan á ha fullnogjande
upplæring i norsk. Det dei skriv kann dá kjennast som umsett
(eller berre halvt umsett) riksmál. Samstundes tynnest det gamle
málgrunnlaget ut i dei bygdene der borni enno fær si upplæring
pá riksmál. Det er ein stor fáre som her trugar málreisingi
innanfrá. Ein hev noko av det same, berre so mykje meir syn-
bert, i bretonsk og irsk: fransken og engelsken holar det keltiske
ut, so at um formverket stend, vert det likevel eit slags av-
leggjar av dei store kulturmáli og misser noko av si livskraft og
av sin livsrett.
Men den store likskapen millom landsmálet og riksmálet er
nettupp fyresetnaden for at máli kann leva jamsides hjá eit og
same folket og for at det kann vera eit samarbeid millom dei,
nár det gjeld á styrkja dei norske element. Og frá rein norsk
synsstad er det riksmálet som hev fyremunene ved likskapen; for
det gjeld det nettupp á kunna assimilera meir og meir norsk til-
fang. Men for landsmálet er det nettupp ein veikskap at dei
danske element or riksmálet hev so lett for á smjuga inn.