Nordens Aarbog - 01.06.1923, Blaðsíða 156
KNUT UEST0L
Tjeneste, den Ene hos Staldmesteren og den Anden hos Gart-
neren*.
Her er det ein dualisme i stilen hjá ein og same mannen
som ikkje berre ligg i dei ulike emni, men ogso i den ting at
til grunn for eventyret lág norsk stil, til grunn for innleidingi
lág framand stiltradisjon, der kontakten med talemálet var mest
tapt.
Det var nettupp gjenom Asbjornsens og Moes folke-eventyr
at norsk stil fekk sitt fyrste store innsig i riksmálet. Soga um
fornorskingi av riksmálet er vel kjend i sine store drag, so ein
treng ikkje gá nærare inn pá det spursmálet. Me skal berre
minna um einskilde ting. Bygdemáli seig inn ikkje berre gje-
nom folkediktingi, men au gjenom ei lang rekkje folkelivsskild-
ringar, serleg frá Austlandet. Nylagingane, det nye máltilfanget
av heimleg rot som skulde avloysa det framande, kom serleg
gjenom Knud Knudsen. Han reiste kravet um á reinska ut det
danske or norsk-dansken, og han vilde at den norske uttalen av
skriftmálet skulde syna seg i skriftbiletet med. Han gjekk vyrd-
laust fram mot det framande; det var, som Moltke Moe segjer,
helst »sleggen han svang, grovsmedens slegge; báde helst og
bedst». I mange hove hev dei nye »avloysarane» kome inn i
riksmálet frá landsmálet. Ein ser koss dei nye ordi vinn seg
rom i landsmálet og derifrá umerkande sig inn i riksmálet: sam-
hove, trygd, vágnad, skilnad, soknad o. s. v.
Efterlikningi av gamalnorsken hev vore ein faktor som til
sine tider hev sett merke pá riksmálet. Ein treng berre minna
um ymist i Bjornsons og Ibsens ungdomsdikting. Nettupp no sy-
nest denne faktoren á vera sterkare enn nokosinne. Eg siktar
her serleg til Sigrid Undsets store roman »Kristin Lavransdatter8
med emne frá millomalderen og til Fredrik Paasches umsetjing
av Njála og bok um Snorre Sturlason. Der finn ein ord som
lagnad for skjæbne, samvit for samvittighed, to for stoff, dám
for præg, huslyd for familie, lydnad for lydighet, bunad for drakt,
átak for angrep og meir slikt. Ein finn hjá Paasche slike klang-
fagre og sterke former som svein, heim, loysing, vatten, aust,
taum o. dl.
Hjá desse riksmálsforfattarane, som er millom dei mest lesne,
er viljen og vágemodet til á nytta ut det norrone tilfanget storre
enn det er hjá sume landsmálsforfattarar. Det ser stundom ut
i54