Gripla - 2020, Side 160
159
LEIV OLSEN
OF/UM-PARTIKKELEN
SOM DATERINGSKRITERIUM
FOR EDDAKVADA
i denne artikkelen argumenterer eg for at bruken av of/um-par-
tikkelen, også kalla «fyllord», «ekspletiv partikkel», er det beste kriteriet
for å anslå alderen på eddakvada. Det var ein tanke Hans Kuhn var inne
på i 1929,1 og som Bjarne Fidjestøl undersøkte nærmare.2 Korleis det kan
gjerast, prøver eg å visa i denne artikkelen. Eg ser òg på andre gamle språk-
trekk i eddakvada og viser at det er nokså godt samsvar mellom dateringane
bruken av of/um-partikkelen antyder og dateringar andre språktrekk anty-
der. Artikkelen bygger på masteroppgåva «Alderen til eddakvada i Codex
Regius. Spesielt om of/um-partikkelen som dateringskriterium».3
Innleiing
Problemet: kan me finna dateringskriterium forskarane
kan semjast om?
Så lenge det har vore forska på eddakvada, har det stått strid om alderen.
«Trass i eit omfattande forskingsarbeid for å datere eddadikt og for å finne
kriterium for datering er problemet langt frå løyst,» skriv Else Mundal i
Handbok i norrøn filologi.4
På 1800-talet var det lenge vanleg å sjå eddakvada som kulturarv frå
fellesgermansk fortid, dikta i tidsrommet ca. 400–900, dei originale kvada
var eldre enn midten av 800-talet.5 Sophus Bugge og Edvin Jessen snudde
1 Hans Kuhn, Das Füllwort of-um im Altwestnordischen. Eine Untersuchung zur Geschichte der
germanischen Präfixe (Göttingen: Vandenhoeck & Ruprecht, 1929).
2 Bjarne Fidjestøl, «Ekspletivpartikkelen som dateringskriterium: Forsøk i filologisk sta-
tistikk», Festskrift til Finn Hødnebø 29. desember 1989 (Oslo: Novus, 1989), 46–64; Bjarne
Fidjestøl, the Dating of Eddic Poetry, red. Odd-Einar Haugen (København: Reitzel, 1999).
3 Leiv Olsen, Alderen til eddakvada i Codex Regius. spesielt om of/um-partikkelen som daterings-
kriterium, masteroppgåve i norrønt, Universitetet i Bergen (2019).
4 Else Mundal, «Edda- og skaldedikting», Handbok i norrøn filologi, red. Odd Einar Haugen
(Bergen: Fagbokforlaget, 2013), 366.
5 Fidjestøl, the Dating of Eddic Poetry, 4f; Rudolf Keyser, nordmændenes videnskabelighed og
Literatur i Middelalderen (Christiania: Malling, 1866), 269.
Gripla XXXI (2020):159–198