Gripla - 2020, Side 161
GRIPLA160
opp-ned på desse førestillingane og hevda at ingen av «de til os bevarede»
kvada var eldre enn 800-talet.6 Seinare har det vore meir og meir vanleg å
datera eddakvada, eller store delar av denne diktinga, til kristen mellomal-
der; «the tendency of recent time is to propose ever later dates».7 Det mest
autoritative verket i dag er sjubandsverket Kommentar zu den Liedern der
Edda, red. von See et al.; dei argumenterer for å datera dei fleste kvada til
kristen tid, og då særleg til 1100- og 1200-talet.8 Også desse dateringane er
omstridde, innvendingar er reiste blant anna av Bernt Øyvind Thorvaldsen
og Haukur Þorgeirsson.9 Særleg Haukur argumenterer for at eddakvada
må vera eldre.
Problemet har vore å finna kriterium ein kan semjast om. Gabriel
turville-Petre skreiv: «… in general it must be admitted that critics fall back
on subjective arguments in dating the mythological lays».10 Ein har prøvd
ut eit stort tal kriterium, forskarar har blant anna sett på språk og stil i
eddakvada og sett om kvada inneheld lån av ulike slag, utan at det har av-
slutta debatten.
Kuhn nemnde i doktoravhandlinga si i 1929 at bruken av of/um som
såkalla Füllwort (fyllord, ekspletiv partikkel) kanskje kunne nyttast som
dateringskriterium, men fann ikkje ut korleis. Fidjestøl gjennomførte ein
detaljert studie av bruken, spesielt i skaldekvad, og konkluderte at sjølv
om bruken av «den ekspletive partikkelen» of/um viste ein tydeleg fallande
tendens over tid, varierte bruken frå skald til skald så mykje at partikkelen
6 Fidjestøl, the Dating of Eddic Poetry, 5; Sophus Bugge, studier over de nordiske Gude- og
Heltesagns Oprindelse, (Christiania: Cammermeyer, 1881–1889), 7.
7 Joseph Harris, «Eddic Poetry», Old norse-Icelandic Literature. A Critical Guide, red. Carol
Clover og John Lindow (Toronto: University of Toronto Press, 1985), 93f.
8 Kommentar zu den Liedern der Edda (7 bd.), red. Klaus von See, Beatrice La Farge, Eve
Picard, Katja Schulz og Matthias Teichert (Heidelberg: Winter, 1997–2019).
9 Bernt Øyvind Thorvaldsen, «Om Þrymskviða, tekstlån og tradisjon», Maal og Minne
(2008): 142–166; Bernt Øyvind Thorvaldsen, «The Dating of Eddic Poetry», A Handbook
to Eddic Poetry. Myths and Legends of Early scandinavia, red. Carolyne Larrington, Judy
Quinn og Brittany Schorn (Cambridge: Cambridge University Press, 2016), 72–91; Haukur
Þorgeirsson, «Late Placement of the Finite Verb in Old Norse Fornyrðislag Meter», journal
of Germanic Linguistics 24 (2012): 233–269; Haukur Þorgeirsson, «The Dating of Eddic
Poetry — Evidence from Alliteration. Approaches to nordic and Germanic Poetry, red.
Kristján Árnason et al. (Reykjavík: Háskólaútgáfan, 2016), 33–61.
10 Gabriel Turville-Petre, Myth and Religion of the north: the Religion of Ancient scandinavia
(New York: Holt, Rinehart and Winston, 1964), 13.