Gripla - 2020, Page 162
161
ikkje kunne nyttast til å datera enkeltkvad.11 Fidjestøl drøfta ikkje korfor
det var så store utslag frå skald til skald når tendensen over tid var eintydig;
eg vil visa at materialet hans inneheld opplysningar Fidjestøl ikkje ser ut til
å ha vore merksam på. Om me samanliknar informasjonen dette gir med
kva andre språktrekk antyder, får me eit interessant bilde som seier mykje
om kvadas alder.
Eg vil fyrst gjera greie for tidlegare forsking på of/um-partikkelen og
drøfta kva funksjon eller meininginnhald partikkelen kan ha hatt. Deretter
vil eg ta opp korleis partikkelen er brukt i skaldekvad og drøfta føresetna-
dene for å bruka det materialet til også å datera eddakvada. Ut frå dette vil
eg anslå dateringar for eddakvada, for deretter å jamføra desse anslaga med
dateringar me kan utleia frå andre gamle språktrekk i kvada. Ei så omfat-
tande undersøking gir grunnlag for å vurdera kor eigna of/um-partikkelen
er som dateringskriterium.
tidlegare studium av of/um-partikkelen
Norrønt of ‘over; om, omkring’ og um ‘over; om, omkring’ er preposisjonar
(opphavlege adverb?) som i alle fall sidan urnordisk tid også kunne nyttast
som trykksvak forstaving. I eldre norrøn tid blei denne trykksvake for-
stavinga uttala of, på 1200-talet um. Me må skilja mellom preposisjonane
of, um, adverbet um(b), of som forsterkande, trykksterk forstaving (t.d. of-
drykkja ‘drikka for mykje’) og of/um som (rest etter) trykksvak forstaving,
sjølv om dette ikkje alltid er enkelt. Det eg undersøker i denne artikkelen,
er of/um som rest etter trykksvak forstaving, til vanleg kalla Füllwort, fyllord,
ekspletiv partikkel. Eg vil heller kalla den of/um-partikkelen, og vil seinare
forklara korfor.
Ingerid Dal påviste at of/um-partikkelen kunne ha dei same verkna-
dene som trykksvake forstavingar i andre germanske språk, noko også
Kuhn hadde vore inne på ved fleire høve i avhandlinga si, som blant anna
perfektiv funksjon (ingressiv og resultativ), inkoativ, gjera eit intransitivt
verb transitivt, og ha emfatisk eller syntaktisk funksjon.12 Eg har ei sy-
stematisk oversikt i 2. vedlegg i masteroppgåva mi (2. vedlegg, s. 79–89).
11 Fidjestøl, «Ekspletivpartikkelen…», 58; Fidjestøl, the Dating of Eddic Poetry, 217.
12 Ingerid Dal, Ursprung und verwendung der altnordischen «Expletivpartikel» of, um (Oslo:
Dybwad, 1930); Kuhn, Das Füllwort. Desse to doktoravhandlingane er dei grunnleggande
verka om of/um-partikkelen.
OF/UM-PARTIKKELEN SOM DATERINGSKRITERIUM