Gripla - 2020, Side 163
GRIPLA162
Alle tilfella der of/um-partikkelen er nytta i eddakvada i Codex Regius av
den eldre Edda,13 er lista opp i det 2. vedlegget til masteroppgåva mi (sjå
litteraturlista).
Det har vore mange studiar av partikkelen. To doktoravhandlingar som
begge blei leverte i 1929, dei nemnde av Kuhn og Dal, er grunnleggande.14
Andre viktige arbeid er levert av Dal (i norsk tidsskrift for sprogvidenskap),
Hallfrid Christiansen, Bjarne Fidjestøl, Kari Ellen Gade og Klaus Johan
Myrvoll.15 Dei har forska både på kva meiningsinnhald (om noko) partik-
kelen hadde og korleis den blei brukt. I meir enn hundre år har forskarane
vore samde om at partikkelen var ein rest etter trykksvake forstavingar;
slike forstavingar fanst i urnordisk så vel som i andre gamle germanske
språk, og er enno vanlege i vestgermanske språk i dag (som i tysk geboren,
engelsk become). Det er mest semje om korleis partikkelen blei brukt, det er
ikkje semje om partikkelen var reint fyllord eller enno hadde eit meinings-
innhald i norrøn tid.
Kuhn og Dal studerte både eddakvad, skaldekvad og prosa, og drøfta
ut frå dette bruken av partikkelen generelt. Christiansen følgde opp denne
diskusjonen. Fidjestøl studerte bruken av partikkelen i eddakvad. For å
testa om partikkelen kunne nyttast til å datera dei, slik Kuhn hadde
foreslått, kartla han bruken av partikkelen i skaldekvad som kan daterast
med nokolunde visse. Resultatet var negativt. Han nytta også bruken av
partikkelen i eddakvad til å anslå kva for ei rangering av alderen på kvada
som hadde mest for seg. Gade og Myrvoll studerte bruken av partikkelen
i skaldekvad, frå 800-talet til 1200-talet, og kartla korleis bruken endra
seg over tid.
Partikkelen er mest brukt i kvad. Kuhn hevda den utelukkande blei
brukt i kvad,16 Dal at den blei brukt både i kvad og i prosa, og på same vis
13 Heretter bare kalla ‘Codex Regius’.
14 Står det ikkje anna, viser eg med ‘Kuhn’ og ‘Dal’ til doktoravhandlingane deira frå 1929–
1930.
15 Ingerid Dal, «Zur Geschichte der schwachtonigen Präfixe im Nordischen», norsk tidsskrift
for sprogvidenskap 4 (1930): 179–210; Hallfrid Christiansen, «De germanske uaksentuerte
prefikser i nordisk», norsk tidsskrift for sprogvidenskap 19 (1960): 340–382; Fidjestøl, the
Dating of Eddic Poetry; Kari Ellen Gade, «The Dating and Attributions of Verses in the
Skald Sagas», Ergänzungsbände zum Reallexikon der Germanischen Altertumskunde 27 (Berlin,
New York: de Gruyter, 2001), 50–74; Klaus Johan Myrvoll, Kronologi i skaldekvæde (Oslo:
Universitetet i Oslo, 2014).
16 Kuhn, Das Füllwort, 2.