Gripla - 2020, Side 164
163
i begge høve. I kvad stod partikkelen alltid i trykklett posisjon, og uteluk-
kande føre substantiv, adjektiv eller verb. Kuhn viste at føre substantiv og
adjektiv stod partikkelen, med eitt mulig unntak, alltid føre ord som hadde
trykksvak forstaving i eldre germansk.17 Unntaket er vendinga of svangan i
ei lausavisa av Einarr Skúlason frå 1100-talet, men andre forskarar meiner
at der er of preposisjon.18 Føre substantiv viste han at partikkelen står føre
ord med sosiativt eller kollektivt innhald eller verbalabstrakt, aldri føre
trestavingsord, samansette ord eller attributt. Føre verb står den føre infi-
nitiv, presens, preteritum og perfektum partisipp, men aldri føre imperativ,
presens partisipp eller trestavingsord og sjeldan føre verb med etterhengd
nektingsledd.19 Partikkelen kan òg vera brukt i verb som, etter det me veit,
ikkje hadde trykksvak forstaving i eldre germansk (det er ikkje lett å vita
kva verb som ikkje hadde slik forstaving).20 Of/um er også brukt i prosa,
Kuhn og Dal trekte fram meir enn hundre døme. Kuhn meinte dette var
noko anna, noko han kalla potensial of, mens Dal meinte bruken av of/um
i prosa ikkje skilde seg frå bruken av det forskarane hadde kalla «ekspletiv
partikkel» i kvad. Dal sette nemninga «ekspletiv partikkel» i hermeteikn.
Dei fleste forskarane meiner som Kuhn at of/um-partikkelen i norrønt
var redusert til eit reint fyllord utan meiningsinnhald, eit ord som bare blei
nytta til å ta vare på rytmikken i kvad. Når Dal var usamd, og meinte at
partikkelen enno hadde eit visst meiningsinnhald, var det blant anna fordi
den, etter hennar meining, blei brukt både i prosa og kvad, og på same
måte i begge høve. Ho viste òg at i dei fleste tilfella kan det sjå ut som
partikkelen forsyner følgjeordet med same meining som trykksvake for-
stavingar gav følgjeorda i eldre germansk. I andre tilfelle ser det ut som of/
um-partikkelen har syntaktisk funksjon; også det samsvarar med bruken av
trykksvak forstaving i eldre germansk. Christiansen var usamd med henne,
då same ord blei brukt både med og utan of/um føre utan at ein kan påvisa
nokon meiningsforskjell.21 Det viste, etter hennar meining, at of/um var
tømd for meiningsinnhald i norrønt.
17 Same stad, 25f, 32.
18 Same stad, 32; Einarr Skúlason, Lausavísur, red. Kari Ellen Gade, Poetry from the Kings’
sagas 2, Skaldic Poetry of the Scandinavian Middle Ages 2 (Turnhout: Brepols, 2009),
571f.
19 Kuhn, Das Füllwort, 32 (om substantiv og adjektiv), 42, 44 (om verb).
20 Same stad, 43.
21 Christiansen, «De germanske uaksentuerte prefikser i nordisk», 346f.
OF/UM-PARTIKKELEN SOM DATERINGSKRITERIUM