Gripla - 2020, Page 165
GRIPLA164
Funksjonen til of/um-partikkelen: fyllord eller
meiningsberande?
Skal me nytta partikkelen til datering, er det ein fordel å finna ut kva
funksjon den hadde. Var den i bruk i daglegtalen, hadde den enno eit
meiningsinnhald i norrøn tid, eller var den bare eit dikterisk verkemiddel
som skaldar kunne nytta etter behov for å fylla ut trykklette stavingar i
verselinja?
Fyllord?
Dersom of/um-partikkelen blei nytta som fyllord, utan anna hensikt enn
å ta vare på rytmikken i kvad, må me venta at (1) plasseringa var tilfeldig,
utan anna avgrensing enn at den alltid blei nytta i trykklette stavingar, (2)
utelukkande eller så å seia utelukkande blei nytta der det var nødvendig å
fylla ut ei trykklett staving, (3) aldri eller så å seia aldri blei nytta i prosa,
som ikkje treng slik utfylling, og (4) at verknaden alltid var at rytmikken
blei bevart.
Ingen hevdar at plasseringa var heilt tilfeldig. Of/um blei utelukkande
nytta føre visse substantiv eller adjektiv eller føre verb, aldri elles, og bare
føre substantiv, adjektiv eller verb under bestemte omstende. Forventning
(1) kan me sjå bort frå.
Kuhn peika på at of/um-partikkelen også blei nytta i fleire tilfelle der
verselinja ikkje mangla trykklette stavingar.22 Då fekk verselinja ei ekstra
trykklett staving den ikkje trong. Når partikkelen blei nytta i slike høve,
må den ha hatt ein annan funksjon enn å vera rytmefyll. Me kan sjå bort
frå forventning (2).
Stemmer det at «fyllordet» aldri blei brukt i prosa, at det Kuhn kalla
potensial of var noko anna? «Fyllordet» var ein rest etter ei forstaving som
markerte perfektiv funksjon, men i norrøn prosa er of/um ofte nytta om
potensielle tilfelle. Det som bare er potensielt, har enno ikkje hendt og kan
følgjeleg ikkje vera perfektivt (fullført). Kuhn skjelna derfor mellom of/
um som fyllord og det han kalla potensial of.23 Han medgav at det ofte er
vanskeleg å skilja dei frå kvarandre i praksis.
22 Kuhn, Das Füllwort, 45f.
23 Same stad, 104.