Gripla - 2020, Page 167
GRIPLA166
Elles kan alle germanske språk nytta perfektiv partisipp i konjunktiv,
som i tysk: Er hätte es getan können. Då er handlinga bare tenkt gjennom-
ført, utan at det hindrar bruken av forstaving som markerer perfektiv
funksjon.
Når det er mange tilfelle der of og um er nytta i prosa som forstaving
føre verb der fullførte handlingar er omtala i indikativ modus, og der verk-
naden er perfektiv, emfatisk eller punktuell, og når det heller ikkje er noko
hinder for å nytta perfektiv forstaving også i potensial modus, må konklu-
sjonen bli at me ikkje kan skilja mellom bruken av of/um-partikkelen i
kvad og prosa. Me må sjå bort frå forventning (3).
Stemmer det at of/um-partikkelen alltid bevarte rytmikken? Eit godt
døme på det motsette er korleis partikkelen er brukt i vafþrúðnismál.
Kvadet har ei vending som blir gjentatt ei rekke gonger, med bare små vari-
asjonar: hvaðan jǫrð um kom (20:4), hvaðan dagr um kom (24:4), hvaðan vetr
um kom (26:4), hvaðan vindr um kømr (36:4), hvaðan Njǫrðr um kom (38:4)
— men også hvaðan máni um kom (22:4). I det siste tilfellet blir rytmikken
endra av det innsette ‘um’. Dersom poenget var å ta vare på rytmikken,
skulle linja vore hvaðan máni kom — så korfor står eit førestilt um også i
denne linja? Hensikta kan ikkje ha vore å ta vare på rytmikken. Ingen stader
i kvadet blir vendinga hvaðan… um kom nytta utan det førestilte ‘um’. Det
ser ut som denne forstavinga var så nødvendig at den ikkje kunne droppast,
heller ikkje når den endra rytmikken.
Eit vel så viktig spørsmål er: kva for ein rytme skulle partikkelen ta
vare på, når me veit at talet trykklette stavingar varierte stort i eddakvada,
utan at det skapte problem for versemålet? I dei verselinjene der of/um-
partikkelen er nytta i eddakvada i Codex Regius, dei har alle to trykktunge
stavingar, varierer talet trykklette stavingar frå éi (lær um getr, Háv. 58:5)29
til åtte (ok verðr þá þinu fjǫrvi um farit, Ls. 57:6) og jamvel ni (eða hefði
honum suttungr of sóit; Háv. 109:7; en þat of hyggi hverr ósviðra apa; Grm.
34:3). Sjølv om me heller bør telja morae enn stavingar, er det klart at éi
trykklett staving frå eller til ikkje kan ha skapt problem. Forventning (4)
kan me sjå bort frå.
29 Andre døme: margt um dvelr (Háv. 59:4); þær um vindr (sd. 13:4); þær um vefr (sd. 13:5); þær
of réð (sd. 14:4); þær of reist (sd. 14:5); vindr of lék (Gðr. I 7:4); ills um fylld (sg. 8:2); yðr um líkr
(sg. 39:6); mærr um lék (Hm. 12:3).