Gripla - 2020, Page 169
GRIPLA168
sikkert at den var forsvunne frå talemålet. Kanskje den inkonsekvente
bruken av partikkelen tvert om spegla bruken i daglegtalen? Både Kuhn,
Dal, Chritiansen, Fidjestøl, Gade og Myrvoll har påvist at partikkelen
blei brukt mindre og mindre over tid, at den så etter ei tid ikkje lenger
blei brukt føre nomen og rundt 1300 forsvann heilt. Det stemmmer godt
med ei utvikling der partikkelen som forstaving gradvis kjendest mindre
nødvendig i talespråket innntil den forsvann heilt. Som Kuhn sjølv peika
på: forstavingar kan vera brukt inkonsekvent i alle germanske språk, slik
at prefigerte og ikkje-prefigerte former kan nyttast side om side.
Me kan slå fast at of/um-partikkelen må ha hatt andre funksjonar enn
bare å vera rytmefyll, og at det er fullt mulig at den kan ha bevart noko
av meiningsinnhaldet som eldre forstavingar hadde. Men om partikkelen
faktisk hadde slikt innhald enno langt inn i norrøn tid, kan me bare finna
ut ved å undersøka bruken i dei konkrete tilfella.
Bruken av of/um-partikkelen i eddakvada
Eg har undersøkt bruken av of/um-partikkelen ved kvart enkelt tilfelle i
eddakvada i Codex Regius. Det er ikkje alltid sikkert om det har vore eit
of/um i originalen eller ikkje, og om det i så fall er snakk om preposisjon,
adverb, det forsterkande of- (som t.d. i ofdrykkja) eller «fyllordet», så me
har ikkje eit eksakt tal, men kan rekna med at det er snakk om 220–230
døme totalt. Fidjestøl talde 223 døme, eg talde 225.32
Føre substantiv og adjektiv er of/um-partikkelen i eddakvada nytta på
same måte som trykksvake forstavingar i eldre germansk, det er forskarane
samde om. Spørsmålet gjeld dei 213 tilfella der of/um-partikkelen er brukt
føre verb (i nokre av desse tilfella kan partikkelen vera brukt syntaktisk).
Eg talde opp 79 tilfelle der partikkelen er brukt føre perfektum parti-
sipp. Bruken er ikkje konsekvent, og det var den heller ikkje i eldre ger-
mansk. Ved fleire tilfelle der of/um-partikkelen blei brukt føre perfektum
partisipp, ser me at partikkelen også kan ha hatt andre funksjonar som
samsvarar med bruken av trykksvake forstavingar i eldre germansk, så
tala for slike andre tilfelle kjem ikkje alltid i tillegg til dei 79 tilfella med
perfektum partisipp.
32 Olsen, Alderen til eddakvada, 2. vedlegg.