Gripla - 2020, Page 170
169
I 8 tilfelle gir of/um verbet ei tyding ‘fylt heilt opp’, ‘fullført’, ‘full-
stendig dekt’, ‘over alt’,33 t.d. ok hefir fjǫld um farit (Háv. 18:3); ills um fyld
(sg. 8:2); i 37 andre tilfelle markerer partikkelen ingressiv eller resultativ
(perfektive funksjonar), t.d. vígdrott ǫll um vakin (Háv. 100:3); ok ek drykk
of gat (Háv. 140:4); hvaðan jǫrð um kom (vm. 20:4); i 15 andre tilfelle gir
partikkelen verbet den spesielle perfektive tydinga ‘bli drepen, dø, bli gjort
til inkjes’, t.d. uppi, ertu, dvergr um dagaðr (Alv. 35:6); ok Fáfni um farit (Fm.
23:3); eða sverð um beit (HHv. 39:6). Ved alle desse tilfella blir of/um brukt
på same måten som gotisk og vestgermansk ga/ge/gi-. Ved minst 2 andre
tilfelle markerer partikkelen inkoativ (endra tilstand; um saknaði, Þrk.
1:4; um sofnaði, vkv. 27:4). Dal peika på at dei fleste inkoative verb blei
prefigerte i gotisk.34 Ved 4 andre tilfelle fører bruken av partikkelen til at
eit intransitivt verb blir transitivt (Frigg um grét vá valhallar, vsp 33:5-7;
mund um standa, vsp. 53:6; ef mik nauðr um stendr, Háv. 154:2; því ek land
um sték, Ghv. 13:7); både i gotisk og vestgermansk var det vanleg å danna
transitive verb ved å gi eit intransitivt verb ei trykksvak forstaving.35 I
12 tilfelle ser det ut som partikkelen markerer at verbet er knytt til magi
(t.d. vendingane i sd. 13–14). Me veit ikkje om dette var vanleg bruk av
trykksvake forstavingar i eldre germansk, men me har eksempel som ght.
bigelen ‘verhexen’, og Dal peika på at det skjer påfallande regelmessig i
eddakvada.36 I tillegg fann eg 58 andre tilfelle der of/um står føre verb me
veit var prefigerte i eldre germansk, med tydingar som svarar presist til dei
aktuelle eldre germanske tilfella. For alt dette, sjå oversikta mi i 2. vedleg-
get til masteroppgåva mi.37 Eg må dessutan nemna (mærr) um lék (Hm.
12:3); i masteroppgåva hadde eg inga forklaring på bruken i det tilfellet,
men vendinga kan ha same tyding som got. bi-láikan ‘håna’.
Utanom desse lite omstridde tilfella fann eg 18 tilfelle der me har grunn
til å tru at eldre germansk hadde prefigerte verb, 12 tilfelle der det førestilte
of/um ifølgje Dal hadde emfatisk funksjon og 37 tilfelle der partikkelen
ifølgje Dal er brukt syntaktisk. Det er ikkje opplagt at of/um då er brukt på
33 I masteroppgåva skriv eg ni tilfelle, men der kom eg i skade for å rekna det eine tilfellet
(Rm. 2:3) to gonger.
34 Dal, Ursprung und verwendung, 15.
35 Same stad, 13; 69; Christiansen, «De germanske uaksentuerte prefikser i nordisk», 341.
36 Jan de Vries, Altnordisches Etymologisches Wörterbuch (Leiden: Brill, 1961), 153; Dal, Ur-
sprung und verwendung, 75, 82.
37 Olsen, Alderen til eddakvada, 2. vedlegg, 81–86.
OF/UM-PARTIKKELEN SOM DATERINGSKRITERIUM