Gripla - 2020, Page 171
GRIPLA170
same måte som dei trykksvake forstavingane i eldre germansk, men det er
gode grunnar til å meina det. Sju tilfelle gjenstår, dei er verre å forklara:
fǫður um hefna (Grp. 9:2)
karl orð um kvað (Hym. 32:5)
alls fyrst um kvað (Þrk. 2:2; 3:4; 9:10; 12:4; repetisjonar i same kvad
blir ikkje talde)
alls fyrst um kvað (Brot 5:4)
orð viðr um kvað (sg. 51:4)
alls fyrst um kvað (Od. 3:10)
flest orð of kvað (Od. 15:4)
Hefna har ein usikker og omdiskutert etymologi. Harald Bjorvand og
Fredrik Lindemann skriv at verbet kan ha hatt prefiks i enkelte tydingar.38
Eg dreg då den slutninga at um også i dette tilfelle kan stå i staden for ei
eldre trykksvak forstaving; det er i det minste ei mulighet. Underleg er alle
utsagna med um-kvað. Kveða er eit perfektivt verb som ikkje blei prefigert
i andre germanske språk, med mindre det gjaldt tydingar som ‘legga til,
setta saman’, ‘seia seg einige’, tydingar som slett ikkje passar dei aktuelle
stadene i eddakvada. Samtidig er det noko merkeleg standardisert ved
desse vendingane, som om dei var standardvendingar — og det var kanskje
nett det dei var? Thorvaldsen har peika på at ok hann þat orða / alls fyrst um
kvað fungerer som det han kallar ein taleformel, ei standardvending som
varslar (førebur) overgang frå referat til direkte tale.39 Ein slik overgang vil
eg rekna som perfektiv funksjon (ingressiv). Nett slik fungerer vendinga
i fem av dei seks døma lista opp over; bare verselinja flest orð um kvað (Od.
15:4) kan ikkje ha ein slik funksjon, då den kjem eit godt stykke inne i ein
lang sekvens med direkte tale.
Eg kan oppsummera at ved det store fleirtalet av verselinjer der of/
um-partikkelen er brukt i eddakvada i Codex Regius, svarar bruken godt til
korleis trykksvake forstavingar blei brukt i eldre germansk. Partikkelen
tilfører følgjeordet tydingar som svarar godt til kjende tilfelle i eldre ger-
mansk. Eit mindre tal tilfelle er meir usikre og ved eitt tilfelle (flest orð um
kvað, Od. 15:4) har eg inga god forklaring. Totalinntryket er etter mitt syn
at of/um-partikkelen i eddakvada hadde same funksjonar, eller liknande
38 Harald Bjorvand og Fredrik Lindemann, våre arveord, 3. utg. (Oslo: Novus, 2019), 501f.
39 Thorvaldsen, «Om Þrymskviða, tekstlån og tradisjon», 153f.