Gripla - 2020, Page 172
171
funksjonar, som trykksvake forstavingar i eldre germansk. Eg har ikkje
bevist at det er sånn, men det er den beste forklaringa me har etter studiar
så langt.
Konklusjon om meiningsinnhaldet til partikkelen
Me kan ikkje forklara of/um-partikkelen som rytmefyll, den må ha vore
nødvendig av andre grunnar, og då blir det misvisande å kalla den «fyll-
ord», «ekspletiv partikkel». Kanskje den inkonsekvente partikkelbruken
spegla bruken i daglegtalen? Viss det er tilfelle, blir den eit meir truverdig
aldersmål enn viss den bare var eit dikterisk verkemiddel som skaldar
vilkårleg tydde til. Det ser ut som partikkelen enno hadde bevart noko av
funksjonen og innhaldet til dei eldre trykksvake forstavingane, sjølv om
den i norrøn tid blei brukt inkonsekvent og gradvis forsvann ut av språket.
Eg vel derfor å kalla partikkelen for of/um-partikkelen.
Korleis of/um-partikkelen kan nyttast til datering
Me har bevart ein rik norrøn litteratur frå 1200- og 1300-talet, men bare
eit fåtal handskrift frå 1100-talet og ingen eldre enn det. Runeinnskrifter er
ofte særs kortfatta og omdiskuterte. Kvad er vår beste kjelde til talemålet i
norrøn tid eldre enn 1200-talet, men kvad kan vera vanskelege å datera, dei
kan ha blitt endra under overleveringa og dei var ein spesiell sjanger; kvar
sjanger set sine særlege krav til språkføringa. Det som er vanleg språk-
bruk og ordforråd i sjangeren, treng ikkje vera like vanleg i daglegtalen.
På den andre sida er skaldekvad ein sjanger som ligg eddakvada nær. I den
grad desse to sjangrane skilde seg frå kvarandre i ordforråd, var det helst i
kenningbruk og knapt i bruken av of/um-partikkelen. Spørsmålet er om
det finst så klare trekk i of/um-bruken i skaldekvada at me kan bruka det
til å datera eddakvada.
Kor godt kan ein rekna med at språket er bevart i kvada? Kvada blei
overleverte munnleg, ofte i generasjonar, før dei blei skrivne ned. Språket
kunne endrast under overleveringa, bli jenka etter det som til ei kvar tid var
gjengs talemål. Men rimkrava var strenge, særleg i dei versemåla som er ty-
piske for skaldekvada, og bidrog til å bevara kvada med bare små endringar.
Endringane er truleg større i kvad dikta i eddaversemål, der rimkrava var
færre, men også i dei versemåla verka rimkrava bevarande. Skaldeversemåla
OF/UM-PARTIKKELEN SOM DATERINGSKRITERIUM