Gripla - 2020, Síða 173
GRIPLA172
regulerte både trykktunge og trykklette stavingar. Eddaversemåla regulerte
bare dei trykktunge stavingane, då var nok trykklette stavingar meir utsette
for slitasje.
Spegla språket i kvada samtidas språkbruk? Ikkje nødvendigvis. Visse
ord blei langt oftare brukte i kvad enn i daglegtale, særleg ord som blei
nytta i heiti og kenningar. Skaldar lånte vendingar frå eldre kvad og kunne
få gamle språktrekk med på kjøpet. Det er òg hevda at enkelte skaldar
medvite la an på arkaisk språk i visse kvad. Når versematerialet er omfat-
tande nok, ser me likevel at endringar under overleveringa har ein tendens
til å drukna i mengda. Eldre dikting skil seg tydeleg frå yngre; det ser ein
av den nemnde undersøkinga til Fidjestøl og spesielt av Myrvolls omfat-
tande undersøking av både språk og metrikk i si doktoravhandling. Eit
viktig spørsmål er derfor kor omfattande materialet må vera for at me kan
bruka det til dateringar.
Of/um-frekvensen i skaldekvada
Fidjestøl, Gade og Myrvoll har alle kartlagt bruken av of/um-partikkelen i
skaldekvada. Fidjestøl undersøkte skaldekvad i perioden 800–1200, men
bare kvad med minst 80 (kort)verslinjer, Gade undersøkte kvad, både lange
og korte, i perioden 800–1300, men bare kvad i versemålet dróttkvætt,
Myrvoll undersøkte kvad i versemåla dróttkvætt, hrynhent, kviðuháttr, for-
nyrðislag og málaháttr, kvar for seg, i perioden 800–1300, stort sett bare
kvad med minst 80 verselinjer. Dei gjorde med andre ord ulike utval, men
det er stort samsvar mellom funna hos alle tre. Det tyder på at bak tala dei
rekna seg fram til, ligg det eit mønster som speglar ordbruken i samfun-
net.
I alle versemåla Myrvoll undersøkte, fann han den same tendensen:
omfattande bruk av of/um-partikkelen på 800–900-talet, langt sjeldnare
på 1100–1200-talet. Utslaga var litt kraftigare i enkelte versemål enn i an-
dre. Forskjellane mellom versemåla er ikkje store og det bare er i dróttkvætt
materialet er omfatttande. Eg vel derfor å legga saman tala hans for å få eit
tydelegare bilde av utviklinga. Myrvoll undersøkte ikkje kvad i ljóðaháttr.
Eg kjenner bare til tre skaldekvad med fleire enn 80 overleverte linjer i
det versemålet: Hákonarmál, Heiðreks gátur og sólarljóð. Hákonarmál frå
rundt 960 har 7 of/um-partiklar på 84 verselinjer i ljóðaháttr (i 8,1 % av alle
verselinjene), Heiðreks gátur av uviss alder har 3 partiklar på 159 verselinjer