Gripla - 2020, Page 176
175OF/UM-PARTIKKELEN SOM DATERINGSKRITERIUM
Skald Bevarte vers41 of/um-part
%
av alle
vers
uviss alder, plaserte på 1100-talet
Hallar-Steinn 298 (298-0-0-0) 3 (3-0-0-0) 1,0%
Haukr Valdísarson 210 (210-0-0-0) 2 (2-0-0-0) 1,0%
óláfs drápa Tryggv. 219 (219-0-0-0) 4 (4-0-0-0) 1,8%
Leiðarvísan 344 (344-0-0-0) 0 0
1200-talet
Bjarni byskup 324 (324-0-0-0) 4 (4-0-0-0) 1,2%
Grettis saga 418 (418-0-0-0) 0 0%
Sturla Þórðarson 504 (0-168-336-0) 4 (0-1-3-0) 0,8%
Sturlunga saga 802 (802-0-0-0) 1 (1-0-0-0) 0,1%
Njáls saga 372 (372-0-0-0) 1 (1-0-0-0) 0,3%
Líknarbraut 400 (400-0-0-0) 2 (2-0-0-0) 0,5%
óláfr hvítaskáld 88 (0-88-0-0) 0 0%
Repetisjonar i kvad (f.eks. i stef) blir ikkje talde. Set eg opp Myrvolls tal
grafisk, får eg figur 1 (sjå neste side).
Kvar enkelt sirkel er ein skald. Den horisontale aksen er ein tidsakse,
den vertikale aksen viser frekvensen av of/um-partikkelen, rekna som
verselinje med of/um-partikkel i prosent av alle overleverte verselinjer av
skalden. Repetisjonar i same kvad blir ikkje talde. Her ser me kor hyppig
kvar enkelt skald nytta of/um-partikkelen. Me har t.d. 128 overleverte
verselinjer etter Bragi (sirkelen lengst til venstre), 8 med of/um-partikkel,
som gir (8 : 128) x 100 % = 6,3 %.
Me ser eit tydeleg skilje før og etter 980-åra. Fram til 980-åra, det vil
seia alle skaldar tilmed Einarr skálaglamm, brukte så å seia alle skaldar of/
um-partikkelen i meir enn 2,5 % av alle (kort)verslinjer; sjå tabell 1. Bare tre
skaldar (Þorbjǫrn Hornklofi, HolmgǫnguBersi og Gísli Súrsson) hadde
færre, bare Hornklofi hadde klart sjeldnare bruk av partikkelen. Etter
980-åra hadde ingen skald så hyppig bruk av partikkelen (jf tabell 1). Dei
usikkert daterte skaldane som her er rekna til 1100-talet, rokkar ikkje ved
dette.