Gripla - 2020, Page 178
177
Hundreår of/um-part. pr. verselinjer Prosent
800- og 900-talet 179 : 4421 4,0 %
1000-talet 45 : 4079 1,1 %
1100-talet 22 : 4641 0,5 %
1200-talet 12 : 2908 0,4 %
Til saman blir det 258 verselinjer der of/um-partikkelen er brukt av
dei til saman 16 049 overleverte og undersøkte verselinjene. Det inter-
essante er det markerte fallet, meir enn halvering frå hundreår til hundreår:
frå 800–900-talet til 1000-talet fell prosenten til grovt rekna fjerdedelen,
frå 1000-talet til 1100-talet til knapt halvparten.
OF/UM-PARTIKKELEN SOM DATERINGSKRITERIUM
Figur 2. Of/um-partiklar hos skaldar med minst 300 verselinjer
Skaldar i kronologisk rekkefølgje frå 800-talet til 1200-talet, bare skaldar (isl.sagaer/
anonyme kvad) med minst 300 overleverte verselinjer. Kurva viser verselinjer med
of/um-partiklar i prosent av alle verselinjer frå den enkelte skalden. Kvar sirkel er
ein skald, eit anonymt kvad eller ei islendingasaga med kvad, frå venstre mot høg-
re: Þjóðólfr, Egill, Eyvindr, Kormákr, Hallfreðr, Sigvatr, Þórmóðr Kolbrúnarskáld,
Arnórr jarlaskáld, Þjóðólfr Arnórsson, ívarr Ingimundarson, Einarr Skúlason, Gamli
kanóki, Placidusdrápa, nóregs konungatal, Leiðarvísan, Bjarni byskup, Grettis saga, Sturla
Þórðarson, sturlungasaga, njáls saga, Líknarbraut. Øvre kant av den raude, vassrette
streken går ved 2,5 %.