Gripla - 2020, Síða 181
GRIPLA180
forskjell på kor hyppig partikkelen er brukt i kvada, frå 6,9 % i Þrymskviða
(Þrk.) til 0,4 % i Atlamál (Am.). Me ser at kvada fell i fleire grupper, med
Þrymskviða for seg. Eg gjengir ei oversikt bygd på tala i tabell 10 hos
Fidjestøl;45 han delte Hávamál i tre kvad, kalla Háv. I, Háv. II og Háv. III,
då det er vanleg meining at Hávamál ikkje er éitt verk, men fleire, eller
eit verk som over tid fekk fleire tillegg. Andre kvad har tydeleg opning,
oppbygning og avslutning, det har ikkje Hávamál. Forskarar har valt å
dela inn kvadet på fleire måtar; Fidjestøl skreiv at inndelinga han valde, var
«somewhat arbitrary» (1999:218). Eg følgjer Fidjestøl, og får då min
tabell 2:
Kvad tal Kortlinjer
of/um-
partikkel
i % av
kortlinjer
Þrymskviða 218 15 6,9%
Oddrúnargrátr 250 12 4,8%
Vafþrúðnismál 274 12 4,4%
Guðrúnarkviða I 201 8 4,0%
Sigrdrífumál 255 10 3,9%
Hávamál III 182 7 3,8%
Hamðismál 218 8 3,7%
Hávamál I 662 24 3,6% 153 part
Vǫluspá46 503 17 3,4% 4077 vers
Lokasenna 368 12 3,3% gj. sn
Brot af Sigurðarkviðu 150 5 3,3% 3,8%
Grímnismál 336 10 3,0%
Guðrúnarhvǫt 174 5 2,9%
Vǫlundarkviða 286 8 2,8%
45 Fidjestøl, the Dating of Eddic Poetry, 224.
46 Her må Fidjestøl ha talt verselinjer og «ekspletivpartiklar» i Bugges restituerte versjon
av Vǫluspá. Eg tel 16 trykksvake forstavingra (of/um) på 480 kortlinjer i Codex Regius-
versjonen, når alle gjentatte linjer bare blir rekna éin gong, men 17 trykksvake forstavingar
på 502 verselinjer i Bugges restituerte versjon. Skilnaden i prosent er utan betydning: 3,3 %
i Codex Regius-versjonen, 3,4 % i Bugges restituerte versjon.
tabell 2. Of/um-partikkelen i eddakvada i Codex Regius