Gripla - 2020, Qupperneq 183
GRIPLA182
Hrbl., med frå 2,3 % til 1,2 % of/um-partiklar eller 1,9 % av alle verselinjene,
i neste gruppe, og kvada frå HHv. til Am., med frå 0,9 % til 0,4 % of/um-
partiklar eller 0,6 % av alle verselinjene, i den tredje gruppa. Dette kan sjå
ut som tre alderslag. Til saman i Codex Regius er det of/um-partiklar i 2,4
% av alle verselinjene.
Ved skaldekvada fann eg ein samanheng mellom alder og frekvens av
of/um-partiklar ved kvad med meir enn 300 verselinjer, tydelegare ved
fleire enn 500 verselinjer. Då bør of/um-partikkelen kunna nyttast som
ein noko usikker indikator også ved eddakvad med meir enn 300 verse-
linjer, sikrare ved eddakvad med meir enn 500 verselinjer. Samanhengen
var særs tydeleg i skaldekvada når ein samla dei opp på heile hundreår,
meir enn 3000 verselinjer. I heile Codex Regius er det 9442 ikkje-repeterte
verselinjer. Det tilseier at omfanget eg fann, of/um-partiklar i 2,4 % av alle
verselinjene, bør reknast som eit sikkert aldersmål, men det gir bare ein
gjennomsnittleg alder.
Om me samanliknar med bruken i skaldekvada (figur 1), og set inn ei
raud vassrett linje for å markera gjennomsnittet for eddakvada i Codex
Regius, får me figur 5 (sjå neste side).
Figuren viser at den gjennomsnittlege bruken av of/um-partikkelen ligg så
høgt som ingen skaldar etter 980-åra (etter Einarr skálaglamm) nådde opp
til (nærmast kjem Hallfreðr og Þorleikr fagri med 2,2 %). Bare skaldar på
800- og 900-talet brukte partikkelen så ofte som den er brukt i eddakvada.
Det betyr ikkje at samtlege eddakvad må vera frå 800- og 900-talet,
men indikerer at hovudmengda av dei er minst så gamle, og ikkje yngre.
Dersom hovudmengda av eddakvada var frå 1000-talet eller yngre, er det
underleg at dei skulle ha nytta of/um-partikkelen i så stort omfang.
Hávamál er særleg vanskeleg å datera, då kvadet kan ha blitt bygd
ut litt etter litt over lang tid. Dei andre kvada har ei tydeleg opning, ei
tydeleg oppbygning og ein tydeleg slutt, dei er i større grad heilskaplege
kunstverk, sjølv om heller ikkje dei er overleverte utan endringar; strofer
eller helmingar kan ha blitt lagt til eller falle frå, enkelte ord og verselinjer
har truleg blitt endra. Reglane i versemålet (stavrim i kvar langlinje eller
fullinje, to trykktunge stavingar i kvar kortlinje) har verka konserverande;
etter mitt syn har det bidratt til at kvada bare har fått mindre endringar
under overleveringa, slik at me kan snakka om originale kvad i munnleg
form, kvart av dei skapt av éin kunstnar, overlevert munnleg gjennom noko