Gripla - 2020, Síða 186
185
(10) nektingsorda (né; né + -at, -t, -a; utsagn + -at, -t, -a; eigi). Alt er språk-
endringar som kan anslås innafor meir eller mindre klare tidsperiodar, og
me finn spor av eldre språk i dei nedskrivne eddakvada. Det er uvisse om i
kva grad me kan legga vekt på det enkelte språktrekket, det kan vera uvisse
om det faktisk kan påvisast gamalt språk i kvart omdiskuterte tilfelle, og i
mange kvad er det ikkje brukt slike ord og vendingar at me kan seia noko
om det aktuelle språktrekket. Bare ved of/um-partikkelen kan me seia
noko sikkert om bruken i alle kvada.
Ved såkalla vinðandin forna bygger eg på studia til Fidjestøl og Haukur
Þorgeirsson.47 Sjå diskusjonen av desse, og av innvendingane til Sävborg, i
masteroppgåva mi.48 Eg meiner det opphavleg må ha vore stavrim vr-/v-,
og dermed former på vr-, som t.d. vrǫngr, vreiðr, i Háv., vm., Ls., Fm., sd.
og Akv., kanskje òg (men meir usikkert) i Þrk. av kvada i Codex Regius.
Desse kvada bør då reknast som eldre enn rundt 1000. Dei same orda ser
ut til å ha opphavlege stavrim r-/r-, og dermed former på r- (rǫngr, reiðr),
i kvada Grp. og Am., kanskje også (men meir usikkert) i HHv. og HH. II,
noko som tyder på at desse kvada høyrer til eit yngre lag; yngre enn rundt
900 ifølgje Fidjestøl, yngre enn rundt 1000 ifølgje Haukur.49 Her stør eg
argumenta til Fidjestøl og Haukur.
Hiatus i ord som fekk samantrekte former på 1100-talet er studert av
Fidjestøl, Gade og Myrvoll.50 Skiftet i dei undersøkte orda var fullført
rundt 1150.51 Kva form orda har hatt i dei originale kvada, må rekonstrue-
rast ut frå versemål, noko som inneber uvisse, særleg i kvad i versemålet
ljóðaháttr, men det ser ut som former med hiatus var heilt dominerande.
Fidjestøl fann eit fåtal samantrekte former, men tilmed Grp., det einaste
med meir enn eitt døme på samantrekte former, har flest former med hia-
tus.52 Etter mitt syn tyder det på at i det minste kvada som er dikta i andre
OF/UM-PARTIKKELEN SOM DATERINGSKRITERIUM
47 Fidjestøl, the Dating of Eddic Poetry, 231–245; Haukur Þorgeirsson, «The Dating of Eddic
Poetry — Evidence from Alliteration», Approaches to nordic and Germanic Poetry (red.
Kristján Árnason et al., 2016), 33–61.
48 Daniel Sävborg, «Om eddadikternas ursprung och ålder. Gamla och nye tankar», Arkiv för
nordisk filologi 119, 83f; Olsen, Alderen til eddakvada, 27f.
49 Fidjestøl, the Dating of Eddic Poetry, 245; Haukur Þorgeirsson, «The Dating of Eddic
Poetry», 46, 58.
50 Fidjestøl, the Dating of Eddic Poetry, 246–259; Gade, «The Dating and Attributions», 52f;
Myrvoll, Kronologi i skaldekvæde, 309–328.
51 Myrvoll, Kronologi i skaldekvæde, 327f.
52 Fidjestøl, the Dating of Eddic Poetry, 253–259.