Gripla - 2020, Síða 187
GRIPLA186
versemål enn ljóðaháttr, bør vera eldre enn skiftet, det vil seia: eldre enn
midten av 1100-talet. Hm. var det einaste kvadet som bare hadde saman-
trekt form i dei aktuelle orda (men bare eitt einaste døme), seks andre
kvad (fem i Codex Regius) hadde eitt eller høgst tre døme (Gðr. I, Gðr. II,
Akv., Fm., Grp.). Kvad med samantrekte former kan høyra til dei yngste
eddakvada, men sidan det er snakk om eitt eller høgst tre døme i kvart
kvad, har desse døma lita tyngd.
Overgangen av preposisjonane fyr, ept og und til fyrir, eptir og undir er
studert av Finnur Jónsson og Gade.53 Eptir kom inn i danske og svenske
runeinnskrifter frå slutten av 900-talet, i norske rundt 1000,54 fyrir er
brukt i skaldekvad frå 1000-talet, undir seinast frå 1100-talet. Dei eldre
formene dominerer i eddakvada, tre eddakvad (Grp., sg. og Am.) har 2–4
yngre former ved sida av dei eldre formene, men me kan ikkje utelukka
at dei yngre formene har komme inn under overlevering eller nedskri-
ving. Ut frå dette bør alle eddakvada i Codex Regius reknast som eldre enn
1100-talet, med ei viss opning for at dei tre nemnde kvada kan høyra til ei
overgangstid.
Enklitisk bruk av ek og es blei behandla av Finnur Jónsson. Han kon-
kluderte at enklisen av ek var det alminnelege til langt inn på 1100-talet,
så tok det slutt.55 Enklitisk bruk av es ser ut til å ha tatt slutt tidlegare.
I Codex Regius er det enklitisk bruk av ek «i så at sige alle digtene», bare to
kvad (vsp. og Rm.) har ikkje enklitisk ek, men dei har begge enklitisk es.56
Konklusjonen min blir at knapt noko eddakvad i Codex Regius er yngre
enn 1100-talet.
Den etterhengde artikkelen er behandla av Nygaard og Finnur Jónsson.57
Eldste runeinnskrift med etterhengd artikkel er ei innskrift frå Gotland
datert til slutten av 900-talet, frå rundt 1100 ser det ut til å ha blitt vanleg
53 Finnur Jónsson, «Nogle bemærkninger om behandlingen af sprog og form i eddadigtene»,
seks Afhandlinger om Eddadigtene, (København: Gad, 1933), 46f; Gade, «The Dating and
Attributions», 69.
54 Yngste norske runeinnskrift med ept er frå rundt 1030; Ingrid Sanness Johnsen, stuttruner
i vikingtidens innskrifter, Universitetforlaget (Oslo 1968), 54.
55 Finnur Jónsson, «Nogle bemærkninger…», 39–46.
56 Finnur Jónsson, 41–43; sjå òg Olsen, Alderen til eddakvada, 30.
57 Marius Nygaard, Eddasprogets syntax, Giertsen (Bergen 1865), 47f; Finnur Jónsson, Det
norsk-islandske skjaldesprog omkr. 800–1300 (København: Møller, 1901), 79ff.