Gripla - 2020, Qupperneq 188
187
språkbruk.58 Tre eddakvad (vsp. 23:7, Gðr. II 23:6 og Ghv. 20:2) har kvart
eitt tilfelle med etterhengd artikkel, men dei har truleg komme inn un-
der overlevering eller nedskriving. Eitt einaste kvad, Hrbl., har meir enn
eitt tilfelle med etterhengd artikkel; i dette kvadet er det 19 tilfelle med
etterhengd artikkel (mens eg tel 28 tilfelle utan). Finnur Jónsson meinte at
også her har den etterhengde artikkelen komme inn under overlevering og
nedskriving. Det kan ikkje utelukkast, men det relativt høge innslaget kan
tolkast som teikn på at dette kvadet er dikta i ei overgangstid då etterhengd
artikkel begynte å bli vanleg, det vil seia mellom seint 900-tal og tidleg
1100-tal. Me merker oss at Hrbl. heller ikkje har mange of/um-partiklar
(sjå tabell 2). Dei andre eddakvada i Codex Regius bør då reknast som eldre
enn 1100-talet.59
verb plassert seint i setninga er spesielt behandla av Kuhn og Haukur
Þorgeirsson.60 Kuhn skilde mellom bundne setningar (leddsetningar og
heilsetningar som begynte på konjunksjon) og sjølvstendige setningar
(heilsetningar som ikkje begynte på konjunksjon). Skaldekvad i versemålet
dróttkvætt kan ha brot på V2-regelen (at verbet aldri står seinare enn i andre
posisjon i setninga) i bundne setningar, men aldri i sjølvstendige setningar.
Kvad i versemålet fornyrðislag kan bryta med V2-regelen også i sjølvsten-
dige setningar. Kuhn meinte det skuldast vestgermanske lån og kalla
kvad med slike brot for «Fremdstofflieder».61 Haukur påpeika at Kuhns
«Fremdstofflieder» er ein hypotetisk storleik, dei antatte vestgermanske
långivarane er aldri påviste, og når ein undersøker kvart enkelt kvad, viser
det seg at det er store sprik mellom dei ulike antatte «Fremdstofflieder».
Derimot er det klart samsvar mellom talet brot på V2-regelen i sjølvsten-
dige setningar og frekvensen av of/um-partikkelen; han tolka det som
at kvad med mange slike brot var spesielt gamle, og at setningsbygginga
OF/UM-PARTIKKELEN SOM DATERINGSKRITERIUM
58 Ingrid Sanness Johnsen op.cit., s. 53; Elias Wessén, «Tjängvide, Alskogs sn. Nu i Statens
Historiska Museum», Gotlands runinskrifter, granskade och tolkade av Sven B.F. Jansson
och Elias Wessén, första delen, 11. band i serien sveriges runinskrifter, Almqvist & Wiksell
(Stockholm 1962), 195; Olsen, Alderen til eddakvada, 31.
59 Olsen, Alderen til eddakvada, 30f.
60 Hans Kuhn, «Zur Wortstellung und -betonung im Altgermanischen», Beiträge zur Geschichte
der Deutschen sprache und Literatur 57 (1933), 50–68; Haukur Þorgeirsson, «Late Placement
of the Finite Verb in Old Norse Fornyrðislag Meter», journal of Germanic Linguistics 24
(2012), 233–269.
61 Kuhn, «Zur Wortstellung…», 61f.