Gripla - 2020, Síða 189
GRIPLA188
med verbet langt bak i setninga også i sjølvstendige setningar var ein arv
frå urnordisk, og frå urgermansk før den tid.62 Kurt Braunmüller har
studert setningsbygging i eldre germansk, urnordisk og vestgermansk.63
Braunmüller tolkar setningar med verb plassert seint i setninga som ein arv
frå pregermansk som var på vikande front alt i urgermansk. I eldre vest-
germansk var det vanleg i leddsetningar, men ikkje brukt i heilsetningar,
mens runeinnskrifter i urnordisk har verb plassert seint i setninga i ca. 30
% av dei kjende tilfella. Eg konkluderer at det tyder på at verb plassert seint
i sjølvstendige setningar knapt kan skuldast lån frå vestgermansk, der den
setningstypen ser ut til å ha forsvunne, noko som gir støtte til Haukurs
påstandar. Brot på V2-regelen, det vil seia: verbet er plassert seint i sjølv-
stendige setningar, bør oppfattast som eit arkaisk trekk. Kvad med få slike
brot på V2-regelen (særleg HHv, HHI, HHII) kan ein anta er yngre enn
kvad med spesielt mange slike brot (særleg Brot, vkv., Gðr. I, Gðr. II, Þrk.,
vsp., Ghv.).64
stavrim v/vokal, bortfall av w/v føre runda vokal: Lokasenna (Ls.) har
stavrim der orð og ulfr rimar på ord på v- og eitt der ulfr rimar på vokal. Slike
stavrim ville vera naturlege dersom kvadet var dikta før ‘w/v’ fall bort føre
runda vokal. Forskarane forklarar tilfella som medvitne arkaismar då dei
ikkje har trudd at Ls. kunne vera så gammalt.65 Runeinnskrifter tyder på
at w- fall bort føre runda vokal etter 600, fullført rundt 700.66 Tilfella i Ls.
kan like gjerne oppfattast som stavrim v-/vokal, noko me har mange døme
på i eddakvada. Winfred Lehmann og j.L. Dillard har påvist slike døme i ni
eddakvad (Háv., vm., Hrbl., Ls., Þrk., HHv., sg., Gðr. II og Od.).67 Stavrima
62 Haukur Þorgeirsson, «Late Placement…», 261, 264.
63 Kurt Braunmüller, syntaxtypologische studien zum Germanischen, (Tübingen: Gunter Narr,
1982); «The Ancient-Nordic linguistic system from a topological point of view. Phonology,
graphemics, morphology, syntax and word order», the nordic Languages 1, (2002), 649–
656.
64 Olsen, Alderen til eddakvada, 32–35.
65 Erik Noreen, Den norsk-isländska poesien, Norstedt (Stockholm 1926), 70; von See et al.
(red.), Kommentar zu den Liedern der Edda (2. bd.), Götterlieder. Skírnismál; Hárbarðslióð;
Hymiskviða; Lokasenna; Þrymskviða. (Heidelberg: Winter, 1997), 376.
66 Helge Sandøy, «The typological development of the Nordic languages I: Phonology», the
nordic Languages 2 (2005), 1852–1871; Ottar Grønvik, Runene på Eggjasteinen. En hedensk
gravinnskrift fra slutten av 600-tallet, (Oslo, Bergen, Stavanger, Tromsø: Universitetsforlaget,
1985), 162f; Fra Ågedal til setre. sentrale runeinnskrifter fra det 6. århundre, (Oslo, Bergen,
Stavanger, Tromsø: Universitetsforlaget, 1987), 187.
67 Winfred Lehman & J.L. Dillard, the Alliterations of the Edda (Austin, 1954), 140–153; dei