Nordens Aarbog - 01.06.1923, Síða 144
ICNUT LIEST0L
millomalderen hadde latinen pá eit vis vore eit levande mál, tala
og skrive av boklærde rundt ikring i Europa. Det hadde vorte
etter máten einfelt og hadde gode fyresetnader for á verta det
internasjonale hjelpemálet me no saknar so sárt. Men so kom
renæssancen og gav den klassiske, framandslege og tungvinne
latinen ny kveik. Reformasjonen, reisingi mot det kyrkjelege
romarveldet, forde sume stader til ei reising av folkemáli mot
romarmálet; ein treng berre minna um Luthers folkelege tysk
og um ymist av reformasjonslitteraturen i dei nordiske landi.
Men so tok i det lærde tidsrom den latinske innverknaden atter
til á breida seg i avhandlingsstil o. dl. Fyrst i dei seinare tider
er det kome ein medviten reaksjon mot latiniteten, gallicismen i
germansk, og dá hadde den framande innverknaden nátt heller
djupt, serleg i engelsk og tysk.
Alt tidleg i millomalderen hadde den gamle germanske
verskunsti teke til á vika for den klassiske, romanske. Germa-
nane fekk eit stavingsteljande versemál, som ofte hev klemt heller
hardt ikring det germanske máltilfanget.
Det medvitne bakslaget mot den framande stilen hev i Eng-
land synt seg i strevet for á skriva »pure Anglo-Saxon English5',
i Tyskland i striden mot framandordi og dei lange periodane.
I andre helvti av I9de hundradáret gav den store stilmeisteren
og filosofen Friedrich Nietzsche nokre reglar for stil, som er
merkclege ved det at dei peikar attende mot det stil-ideal som
pá germansk grunn hev fenge si beste og rikaste utforming i
islendsk sagakunst. Han kravde at ein fyrst mátte vita nogjc at
so og so vilde ein segja det og det, fyrr ein kunde vága seg til
á skriva. Skriving mátte vera ei etterlikning. Stilen skulde leva.
»Der Reichtum am Leben verrát sich durch Reichtum an Gebárden.
Man muss alles, Lánge und Ktirze der Sátze, die Interpunction,
die Wahl der Wörter, die Pausen, die Reihenfolge der Argumente
als Gebárden empfinden lassen. Vorsicht vor der Periode! Zur
Periode haben nur die Menschen ein Recht, die einen langen Atem
auch im Sprechen haben. Bei den meisten ist die Periode eine
Affektation.» I si stilkunst nádde Nietzsche so langt at ein annan
stilmeister, Arne Garborg, hev sagt at ein trygt kann setja han
som den fyrste i samtidi, »ja stundom kunde ein vilja bruka endaa
sterkare ord». »Stilen boygjer seg so lett etter kvar minste skifting
i tanke og syn; storfellt og kraftig er han og likevel so ynde-
142