Nordens Aarbog - 01.06.1923, Side 150
KNUT LIEST0L
Det er beintfram ei fylgje av at málreisingi fyrst vann seg fram
vestpá. Dei fleste forfattarane og bladmennene kom derifrá, og
deira tenkjemáte og stil og ordval var sjolvsagt vestlandske. Hjá
forfattarar frá Austlandet, som t. d. Sven Moren, verkar málet
kav austlandsk, anten han so kjem i rein Aasen-normal eller han
let dei austnorske formene ha yvertaket. Til jamforing kann
ein nemna at Asbjornsens »enesamling» av eventyr hev ein sterk
austlandsk svip, endá formverket korkje er austlandsk eller vest-
landsk.
Den realistiske stemna i litteraturen gjorde at det nyreiste
skriftmálet kom til á halda seg nær til bygdemáli av kunstnar-
lege grunnar. Samtalone skulde spegla av talemálet, skildringi
av álmugeliv skulde vera »folkeleg», so at dei hugsviv og mei-
ningar og stemningar som personane hadde, vart forma med
deira eigne ord. Til slutt vart det hjá sume ei sann redsle for
at málet i noko tilfelle skulde verta litterært. Alt skulde vera
folkelegt eller rettare sagt kvardagslegt, um so emnet fall heilt
utanfor den »folkelege» synsringen og um ein tala aldri so lite um
det. Det vart til slutt til det, at nár ei landsmálsbok ikkje lukta
daglegtale, so var málet uekte og kunstigt. Rasmus Loland
hev fortalt noko karakteristisk um dette. Ein slik málmeister
som Hans Aanrud hadde láte vel um málet i Lolands *Hus-
kross», men hadde klaga yver at málforingi i den næste boki át
Loland »Aasmund Aarak» var kunstig og litterær, og han sa
det til Loland sjolv. »Det var dá ei furda, sa eg; eg skulde dá
ikkje vera klenare til á skriva norsk no enn fyrr, ein sku’ vel
heller læra ein grand med ein livde. Eg visste ikkje av at eg i
denne siste boki hadde bruka eit einaste ordlag som ein ikkje
kunde bruka i bygdemálet, so langt som bygdemálet rakk. Og
nár det ikkje rakk til — det hender nok stundom i ei slik bok
— hadde eg bruka det landsmálet eg elles hadde lært frá andre
kantar.» Tingen var nok den, at i »Huskross» var det eit emne
or kvardagslivet, medan »Aasmund Aarak» er eit halvt filosofisk
verk.
Men jamsides med dette straumdraget i málreisingi gjekk
det eit anna som heldt seg meir til gamalnorsken. Aasen meinte
frá fyrste stund at det kunde vera laglegt á taka upp nokre
gode ord frá gamalnorsk. Han gjorde ikkje mykje av det sjolv,
men fleire av dei som slutta seg til málreisingstanken hans tok
148