Nordens Aarbog - 01.06.1923, Page 151
NOKO UM TALEMÁL OG SKRIFTMÁL SERLEG I NOREG
til á skriva eit mál som bade i formverket og i dei einskilde
ordi lempa seg so mykje etter det gamle málet at det valda
vanskar for dei fleste lesarane. Nár dei so kom til á skriva um
abstrakte emne og attpá hadde ein tung stil — som Jan Prahl
— vart dei gamle ordi meir ukjenslege og uskynelege enn dei
elles vilde ha vore. Aasen laut taka til motmæle mot ei so sterk
attervending til det gamle.
I det heile er det ikkje so mykje i det nynorske skriftmálet
som er teke upp etter det gamalnorske. Dette kjem seg noko
av at dei fleste ordi i gamalnorsk enno lever i nynorske bygde-
mál. Professor Hannaas hev vist at berre ca 7 % av ordi i
den islendske soga um Ramnkjel Froysgode ikkje lenger er á
finna i norsk. Men hovudgrunnen er vel den at i málstriden hev
det jamt vore fort fram som eit argument mot landsmálet at
det var so gamaldags og so gjerne tok gamalnorsken til mon-
ster. Til á sleppa denne skuldingi hev dei fleste late vera á
triva til gamalnorsken nár det kneip. Det hender jamvel at saga-
umsetjingar til landsmál hev lagt málet sterkare um enn til-
svarande umsetjingar til andre germanske mál.
Derimot hev folkediktingi havt meir á segja i atterreisingi
av det nynorske skriftmálet. Ho hadde, som fyrr nemnt, bore
uppe ikkje so lite av den gamle litterære kulturen. Granskingi
av dei norske folkevisone hev synt at mange av dei heng saman
med norrone litteraturverk: eddakvæde, fornaldarsogor, eventyr-
sogor, romantiske sogor. Ein merkar samanhengen ikkje berre
i forteljingsgangen, men ofte i dei einskilde ordlagi og dei poe-
tiske bileti. Ei stemne innum málreisingi hev vilja late dei mál-
fori som hadde bore denne folkediktingi uppe, koma sterkare
fram i formverket i normalmálet. Desse austnorske málfori, ser-
leg telemálet, var dei mest centralnorske og skulde soleis ha let-
tast for á semja Austland og Vestland. Denne stemna hev ikkje
havt so reint lite medhald. Garborgs -Skriftir*, Snorre og fleire
av dei mest lesne bokene hev vore pá dette »midlandsmálet».
Men anten dei so hev brukt »midlandsmál» eller vanlegt lands-
mál, hev fleire av diktarane váre soge inspirasjon og kraft or
denne folkediktingi, som hadde synt so stor livskraft og hadde
halde liv i ymist máltilfang som ikkje hoyrde med til den vanlege
kvardagstalen. Hjá Garborg, Mortensson, Aukrust o. fl. merkar ein
tydeleg den innverknad folkediktingi hev havt pá málet deira.
149