Nordens Aarbog - 01.06.1923, Page 152
KNUT LIEST0L
Men um ein so hadde báde bygdemáli og gamalnorsken og
folkediktingi, rakk ikkje det nynorske málet til, nár ein skulde
prova det pá alle umráde av moderne liv og tenkjing. Det laut
nylagingar til. Alt i dei fyrste »Prover af Landsmaalet i Norge»
hadde Aasen ikkje so lite med nylagingar, og han nytta gamle
ord i nye eller trongare eller vidare tydingar, nár det trongst.
Han sette um vande stykke frá tyske og engelske forfattarar,
so han retteleg kunde fá roynt málet og synt kva det makta.
Han kasta so godt som alle framande ord yver bord. Det vart
difor eit heller stort sprang millom talemálet i norske bygder
og málet i desse umsetjingane. Det synte seg med ein gong
at um ein kann eit bygdemál, so er ein dermed ikkje fullfloygd
i det litteraturmálet, som ligg dette bygdemálet nærast. Det
má lærast, og berre i desse »Prover» fann vel dei fleste ikkje so
lite som mátte tydast. Vil ein byggja eit skriftmál pá eit tale-
mál, má det arbeid til. All málreising vil krevja málstrev, um
ho aldri so mykje er ei frigjering. Ved medvite arbeid innum
landsmálet hev det etter kvart fest seg eit kyrkjemál, eit rettsmál
o. s. v. — kvart med sine tekniske termini.
Det var att endá ein máte ein kunde taka det pá, nár ein
vilde byggja eit heimlegt skriftmál pá bygdemáli og trengja
undan det framande. Ein trong ikkje gá so radikalt til verks
som Ivar Aasen gjorde og brjota heilt med det framande straks.
Ein kunde lempa seg fram. Den andre store grunnleggjaren av
det nynorske skriftmálet, Aasmund Vinje, tok det pá den má-
ten. Han vága ikkje á vera fullnorsk med ein gong. Folk laut
venjast til det nye málet etter kvart, og synte det seg at dei
tolde ein betre norsk, so skulde dei fá han. Men for det fyrste
vilde han »prova paa med eit Maal, som ligg midt imillom det
norske og det danske».
Det hev gjenge so, at Aasen og dei som fylgde honom,
ikkje hev fenge inn náme nær alle dei nye ordi dei laga, og
dei hev ofte ikkje vunne fram med sine nye tydingar av gamle
ord. Men pá hi sida nytta Vinje mange ord frá norsk-dansken
som ikkje hev vunne seg hevd i landsmálet. Han bruka t. d,
ord som »norskhet» og »frihet», der ordi norskdom og fridom
hev vorte einerádande i landsmál, og han skreiv i si siste tid
ein reinare norsk enn i fyrstningi. —- I det' heile kann ein segja
at' Tandsmálet hev vore redd 'for dei danske og tyske ordi i
150