Nordens Aarbog - 01.06.1923, Page 146
KNUT LIEST0L
sin del i den sterke framande páverknaden som dansken vart
ute for.
Ved ár 1840 ság máltilstandi i Noreg slik ut: Hjá yver-
klassa i byane eit talemál som ein nærast má kalla norsk-dansk,
og som i fleire stykke sokte sitt monster i dansken. Eit lite
norskfarga norsk-dansk til skriftmál, stundom mest rein dansk.
Utyver heile landet og hjá dei lægre klassone i byane levde dei
norske málfori utan annan litterær kultur enn den folkediktingi
hadde bore uppe.
So kom reisingi av folkemálet og fornorskingi av skriftmálet,
og tvo-tri mannsaldrar etter hev stoda vorte heilt onnorleis. Báde
»det dannede talesprog» og det norsk-danske skriftmálet, riks-
málet, hev vorte sterkt fornorska. Pá dei norske málfori er det
reist eit ny-norsk skriftmál, landsmálet, som etter kvart hev vorte
det vanlege skriftmálet for ein stor del av nordmennene, og som
for kvart áret vinn seg storre ráderom i skule og bokheim.
Dette er den faktiske skilnaden millom máltilstandi i 1840-ári
og no. Men endá storre er skilnaden millom dei ideal som rádde
1840 og dei som er uppe no. Den gongen var dansken mon-
steret for skriftmál og scene-mál. Tanken um eit serskilt norsk
skriftmál fanst berre hjá einskilde rabulistar. Det var ei vanleg
meining at dei norske bygdemáli eigenleg var ein utskjemd dansk.
Den norske folkediktingi var pá lag ukjend. Det som hadde
kome fram (Fayes »Nörske Folkesagn'O var i dansk málbunad.
Henrik Wergeland trudde nok at det fanst ein norsk »Fjeldpoesi,
. . . . paa hvis Tilvær og Væsen jeg ikke mere tor sværge end
paa Aandernes.» Dá Jorgen Moe fekk greide pá den norske
kjempevisa, fælte han for at ho var ei umsetjing frá dansk. —
No vil alle — i minsto teoretisk — ha det som er norsk, og
folkemál hev vorte eit slagord som er nytta báde i tide og utide.
Ei gransking av dei kreftene som hev vore i arbeid og dei
faktorane som hev spela inn i den utviklingi som hev gjenge
fyre seg frá 1840 til no, vilde vera mykje lærerik og forvitneleg
og kunde ha interesse ogso for granskingi av málvoksteren i
andre land.
Pá den nynorske lina (landsmálsleidi) kann ein sjá koss eit
skriftmál vert til og koss det fær storre og storre vengjefang,
etter som det vert provt pá nye umráde.
Ivar Aasen vilde byggja sitt landsmál pá bygdemali i alle lands-
144