Orð og tunga - 01.06.2007, Qupperneq 163
Ritdómur
153
med halvfeit og utrykk. Nár lesaren kjenner koden, vil han lett sjá kva
som er leksem og kva som er begrep. Registerdelen inneheld naturleg
nok berre leksem, ogsá her med halvfeit, smá bokstavar og utrykk.
Ordboka er slik sett lett á ta seg fram i for á finne det ein er ute etter -
pá makroniváet.
Men mikrostrukturen i hovuddelen er ikkje fullt sá enkel, for det er
svært ulike informasjonstypar som skal ha plass inne i desse artiklane.
Eg beskriv dei to typane artiklar (ordartiklar frá OS og begrepsartiklar
frá OH) kvar for seg.
Ordartiklane har altsá eit grunnord (usamansett leksem) som
lemma, av typen innhaldsord (substantiv, verb eller adjektiv). Strukt-
uren er noko ulik for dei ulike ordklassene.
I substantivartiklane fár vi: 1 reine setningsdome pá bruken av or-
det, 2 frasar der formord og andre element kan skifte, mens andre
element er faste, og dome pá dei skiftande elementa er gitt i plogar
(< >), 3 typiske adjektiv som stár til substantivet (etter markeringa
"ákvæði"), 4 samansetningar der lemmaet er forsteledd (eventuelt át-
skilde etter ulike fuger), 5 samansetningar der lemmaet er sisteledd,
og 6 eventuelle ordtak der lemmaet stár sentralt. I tillegg til grunnord
kan ein ha eige oppslag pá forledd eller etterledd, nemleg der slike
ledd skil seg formelt frá grunnordet. Har ordet fleire tydingar, blir dei
skilde med tal i halvfeit og ofte eit synonym eller ei spesifisering.
Adjektivartiklane har mykje av det same: setningsdome pá typisk
bruk, og kollokasjonar med eigne setningsdome, med eventuelle
markeringar for ulike tydingar av adjektivet eller frasen.
I verbartiklane ligg hovudvekta pá á vise kombinasjonar med ulike
adverbielle tíllegg, ved sida av bruksdome i setningsform her ogsá.
Ulike tydingar blir markerte ved á nemne ulike substantív som re-
laterer seg til den aktuelle tydinga, ofte ei substantívering av det ak-
tuelle verbet med markeringa "no". Men ikkje minst sentralt stár dei
ulike faste verbfrasane, som er forte opp i alfabetísk rekkjefolgje inne
i verbartikkelen og deretter blir behandla som oppslag i seg sjolv (un-
deroppslag eller sublemma).
Ingen av desse komponentane i ein ordartikkel er i og for seg obli-
gatorisk, det er heilt avhengig av ordet sjolv kva for nokre som er med
og som er omfangsrike eller ikkje. Men det heile gár altsá ut pá á vise
i storst mogleg detalj korleis ordet syntagmatísk agerer saman med
andre ord - báde over og innanfor ordgrenser.