Orð og tunga - 01.06.2007, Blaðsíða 168
158
Orð og tunga
ter Hróbjartur Einarssons Norsk-islandsk ordbok, heimaslóðir eller heima-
stöðvar. Det forste av desse to orda stár som lemma i ÍO, men ikkje det
siste; det er derimot oppfort som synonym under heimaslóðir. I SOÍM
finn vi eintalsforma heimaslóð under heima- saman med ein del andre
ganske synonyme ord.
Eg prover eit nytt sok: Ein kjend islandsk oppsong av det meir
militante slaget sluttar med lina "stríðum, vinnum vorri þjóð". Eg spor
meg kva vinna tyder her ('sigre' eller 'arbeide'?), og korfor dativen
"vorri þjóð"? Sá ser eg etter i ÍO, der begge tydingane finst, men med
'arbeide' som den primære, og eg finn ingen absolutt ("naken") da-
tivkonstruksjon (berre typen vinna e-m e-ð). Sá gár eg til SOÍM. Her
finn eg ulike tydingar, markerte med formelt eller semantisk relaterte
substantiv ("no. vinna; no. vinnsla; sigur"). Men den "nakne" dativ-
konstruksjonen som eg sokjer, finn eg ikkje. Konklusjonen av det má
vel vere at denne konstruksjonen ikkje er aktuell og gangbar i dag.
Men kanskje han var det i eldre sprák. Det fortel ikkje SOÍM noko om.
Men denne historia er litt lengre. Eg hadde berre brukt 1983-
utgáva av ÍO. I siste fase av artikkelskrivinga fár eg tak i 2002-utgáva
og ser etter der, og der finn eg "vinna e-m vera í þjónustu e-s". Er det
dette som er meint i songen? ISOÍM stár det i alle fall ikkje.
Vi kan altsá bruke ordboker til á finne ut at eit ord ikkje finst (som
*heimstaður). Men vi kan altsá ög finne ord og konstruksjonar i auten-
tiske islandske tekster som (fleire av) ordbokene ikkje nemner. SOÍM
inneheld openbert det gangbare ord- og frasetilfanget i det moderne
islandske allmennspráket, men stilmarkeringar og andre markeringar
som viser bruksstatusen orda har i spráket, finst ikkje, som eg alt har
nemnt. Igjen viser det seg at brukaren má ha ei velutvikla islandsk
sprákkjensle, dvs. morsmálskjensle eller nesten det, for á fá full nytte
av ordboka.
Enda eit nytt sok: Pá islandsk heiter detfremja sjálfsmorð, pá dansk
og norsk bokmál begd selvmord, engelsk commit suicide og nederlandsk
zelfmoord plegen. Begá, commit og plegen pá dei respektive spráka har
ein klang av "gjere noko ulovleg eller normstridig", men i alle fall pá
norsk erfremme eit positivt ord som betyr 'arbeide for', 'styrkje' o.l. Er
fremja pá islandsk negativt eller noytralt? I ÍO finn eg ikkje ut mykje
om det, der stár berre synonyma iðka, drýgja og eit par andre, rett nok
med doma fremja glæp, illvirki. Eg slár opp i SOÍM og sokjer eit svar
der. Og der finn eg det\fremja er inndelt i to tydingar med objekttype