Orð og tunga - 01.06.2007, Side 164
154
Orð og tunga
Den andre typen artiklar gár altsá ut frá begrep. Det er 840 av dei -
sá vidt eg kan sjá direkte overfnrte frá OH. Begrepet blir sett inn i ulike
kontekstar som viser ulike tydingar eller aspekt ved det, ofte ordna i
ein hierarkisk struktur, og under kvar tyding blir det gitt ei storre ell-
er mindre mengd frasar som uttrykkjer denne tydinga. Frasane treng
ikkje innehalde oppslagsordet; her er det det semantiske innhaldet i
begrepet som stár i fokus, ikkje ordet i seg sjolv. Ogsá her blir fakulta-
tive ledd sette inn i plogar, ikkje minst personlege pronomen i terdje
person, der kjonna blir eksplisitt jamstilte ved at det stár "hann, hana"
eller "honum, henni" i staden for det tradisjonelle "e-n" og "e-m". Sist
i artikkelen stár det tilvisingar til andre, beslekta begrep som har eigne
artiklar.
Registerdelen er enklare oppsett. Her blir oppslagsordet folgt av
alle dei ulike frasane og ordsambanda der det er brukt, alfabetisert
pá forste ordet i frasen, og tilvising blir gitt til den artikkelen eller dei
artiklane i hovuddelen (av begge artikkeltypane) der frasen stár.
3 Samanlikning: Kva er nytt i SOÍM?
Eg har samanlikna ein kort sekvens i dei tidlegare bokene og SOÍM
for á sjá om tilfanget er auka i særleg grad. Dessverre har eg berre
tilgang til forsteutgáva av OS (1994), sá eg kan ikkje vite om nokre av
dei endringane eg nemner, har skjedd allereie i andreutgáva frá 2001.
Side 100 i OS dekkjer eftirlit - egg. Oppslagsorda er dei same i
begge bokene i denne sekvensen, nár ein ser bort frá at "eftirsókn-
arvert lo hvk" og "eftirtektarvert lo hvk", begge med eitt setnings-
dome, er lagde til i SOÍM i tillegg til "eftirsóknarverður lo" og "eftir-
tektarverður lo". IOS stár begge setningsdoma under -verður. JHJ har
altsá i SOÍM oppretta ein ny lemmakategori, nemleg noytrumsformer
av adjektiv i upersonlege konstruksjonar ("það er —", "það þótti ekki
—") - noko som i norske ordboker neppe ville ha komme pá tale, sjolv
om vi har same konstruksjonstypen. Til gjengjeld er eftirmiðdagur
med i OS, men teken vekk i SOÍM, kanskje som "dönskusletta", for
alt eg veit.
Nár eg jamforer ein del ordartiklar pá denne sida, ser tilfanget
ganske identisk ut, det er (i alle fall her) ikkje lagt til mykje nytt stoff.
(Elles i ordboka er det nok komme inn noko nytt materiale under ein
del ord.) Ei fornying er det at kasusindikasjonar med t.d. "e-s" er er-